Styreleiar John Heggem dy er ikkje spesielt overraska over avslaget da dei tidlegare har fått avslag på søknaden om å få starte privat skule inneverande skuleår. Bakgrunnen for søknaden er som kjent det kommunale vedtaket om å legge ned den offentlege skulen i Bøfjorden og flytte elevane til skulen i Bæverfjord.

Kommunestyret i Surnadal rådde direktoratet til å seie nei til søknaden frå Bøfjorden som ønskte å opprette ein privat kristen skule med hovudvekt på uteskulepedagogikk i den eksisterande skulebygningen.

Heggem seier det også i det siste i avslaget frå departementet blir peika på kommunens innvendingar mot den private skulen som grunnlag for avslaget. Elles tilfredsstiller søknaden alle krav.

– No ventar vi på anken vi sendte inn på det første avslaget. Det er ei godt grunngjeve anke der vi har lagt ved nye opplysningar om skulen som har eit anna opplegg enn den offentlege. Frå politisk hald har det i ettertid kome sterke signal om at det blir arbeidd for å samle elevane i to skular, Stangvik og Øye. Skjer det blir også skulen i Bæverfjord lagt ned.

– Kan det bli aktuelt å anke også det siste avslaget?

– Det vi ikkje teke stilling til enno, seier Heggem.