Under perfekte forhold gjorde Hallvard Løfald, Rindal IL, den 30 kilometer lange runden utover Nordmarka unna på 1,19,37 - med heile 3,52 å gå på ned til nestemann, tremenning Gjermund Løfald. Tredje beste tid fekk Morten Svinsås - også frå Rindal IL - med 1,24,21.

Berit Mogstad frå Surnadal og Strindheim vart raskaste kvinnelege løpar. Med tida 1,27,59 vart det utklassingssifre mot heimefavoritt Gunvor Landsem som gjekk inn på 1,34,11.

Det var 13 påmeldte i konkurranseklassen medan noko i overkant av 100 gjekk i trimklassen. Løparane skrytte uhemma av løypene på Nordmarka - fine løyper og godt føre - altså meir enn ein kan seie om 5-milsløypene i Falun.

Sjølv om ikkje alle kjempa mot klokka, fekk dei i alle fall ein kjempefin skidag i reinaste vårvêret. Til og med sola glytta fram og kasta glans over eit prikkfritt arrangement.

Meir om Nordmarksløpet med masse bilde og utfyllande resultat i Driva på måndag.