I grålysinga torsdag morgon kom Sea Cargo Express innover Surnadalsfjorden og la til ved Surnadal hamn. Ærendet var henting av rundt 700 m3 med MøreRoyal-produkt som skal leverast nedover Vestlandet - eller i Tananger. Båten ruva godt på hamna, med sine 118 meter.  Det var planlagt å ligge i Surnadal for lasting fram til ca kl 15, før den stikk til havs igjen med kurs for Molde.

Båten går i fast rute mellom Trondheim og Aberdeen kvar veke og skal til våren starte med faste anløp til Surnadal hamn. Denne gongen passa det godt med ein ekstratur - når MøreTre hadde såpass mykje gods som skulle nedover Vestlandet, fortalte kaptein på SeaCargo Express. På turen sørover skal dei innom Molde, Ålesund, Bergen og til slutt Tananger natt til laurdag - så går turen vidare til Aberdeen.