I den nye havbruksmeldinga regjeringa legg fram for Stortinget meiner dei det er greit at kvar tredje villaks døyr som følge av forureining fra oppdrettsanlegg.

Meldinga seier da tydeleg at oppdrettsnæringa går før villaksen i Norge. Og ein kan dra den sluttsats at regjeringa er villig til å ta livet av villaksen for å produsere meir oppdrettsfisk.

- Politikarane blandar aksept for miljøpåverkning og naturgitte tålegrenser, seier foreininga Norske Lakseelver i ei pressemelding.

Foreininga Norske Lakseelver reagerer kritisk på dette, og at dei økonomiske konsekvensane for sysselsetting og bosetting i distrikta knytta til eit redusert høstbart overskot av villaks ikkje er via eitt ord, medan tilsvarande konsekvensar for oppdrettsindustri og kystsamfunn er utførlig behandla.

- Norske Lakseelver understreker at dagens produksjon i åpne merder ikkje er bærekraftig.  Grenseverdiane for akseptabel miljøpåverkning må settast så høgt at omfanget av produksjonsmetoden reduserast vesentleg, heiter det.

Og dyrevelferdsorganisasjonen NOAH reagerar negativt på den nye havbruksmeldinga. Dei meiner den vekst på seks prosent regjeringa legg opp til kvart annet år blir for mykje.

- Uforeineleg med god dyrevelferd, meiner NOAH – organisasjonen for dyrs rettigheiter.