Ordførar Lilly Gunn Nyheim og rådmann Knut Haugen hadde torsdag invitert todalingane til møte om kommunereforma. Møtet i Todalen var det siste i denne omgangen, etter at dei i tur og orden har vore i Øvre Surnadal, Bøfjorden, Kvanne og i Surnadal  i same ærend tidlegare.

Kort sagt kan ein vel seie at denne informasjonsrunden har gått ut på å informere om kva kommunereforma går ut på, og korleis den er tenkt gjennomført. Det er nok mange som kvesser klørne når det blir snakk om samanslåing, og straks tenkjer sentralisering. Det meste av informasjonen som er komen ut til folk, har til no kome gjennom media og  innspel frå politikarar -  eller ”stemningsrapportar” frå møter.

På møtet rundt i kretsane har det vore jamt bra deltaking, fortel ordførar Lilly Gunn Nyheim. Det har også kome mange innspel og spørsmål som ho set pris på og som vil bli med vidare i prosessen. I runden som ordførar og rådmann har gjort, saknar dei deltaking frå ungdommen på møta. Kommunereforma startar først om nokre år, og det blir tross alt kanskje 30-50 år til neste reform. Men Nyheim presiserer at Ungdomsrådet har delteke i prosessen og det er kome innspel frå den kanten og.

I Todalen vart det sjølvsagt debatt rundt kaffeborda , og det var mange som hadde ordet under ordet fritt etterpå. Ein kan vel seie at skeptikarane representerte ”at vi veit kva vi har, men veit ikkje kva vi får, men at andre ytterkanten står for uttalen at ”det einaste sikre for morgondagen er at den ikkje blir lik dagen i dag”.

Les meir om møtet i Todalen i måndagsavisa