Plantesjukdomen Phytopthora øydelegg bøkeskog og er, nett som brunsniglar, vanskeleg å verte kvitt.

No synar forsøk at det kan vera ein samanheng mellom desse to plagene.

Avføringa til brunskogsniglane kan faktisk spreia sjukdomen. I samband med kartlegging av skade på bøk forårsaka av plantesjukdommen Phytophthora i bøkeskogen i Larvik, vart det observert mykje brunskogsniglar (Arion vulgaris) i området.

Dette skriv mellom anna forsker Venche Talgø ved Bioforsk i ein rapport. Dette er fell saman med undersøkingar på Ås.

- Etter alt å døma har både brunskogsniglane og Phytophthora vorte introduserte relativt nyleg i denne skogen, fortel forskar Venche Talgø ved Bioforsk Plantehelse til bioforsk.no.

- Sidan vi såg brunskogsniglar både på bøkestammer og på bakken like ved sjuke tre, var det nærliggjande å undersøkja om sniglane kunne vera smitteberarar av Phytophthora, seier ho.