– E’ tykkje det e kjempedåle’ gjort at den som sitt å styre, politikera å dokko som bruka dei store, fine orda og sitt og gnikka ræva på kontorstola’, dokko e rett og slett litt kvalm – e’ tykkje dokko kan gå litt i dokko sjøl lite grann!

Med denne kraftsalven ønska sauebonde Anne Grete Røymo representantar frå rovviltnemnda, fylkesmannen og andre velkomne til gardsbruket Røymo måndag. Røymo er heilt klår på at jerv som tek lam må kunne takast ut om det skal kunne bli levelege kår for sauebøndenei framtida. Dei siste to åra har ho mista til saman 140 lam. Men søknadene om fellingsløyve har vorte avslått.

– E’ veit at når e’ sænde sauene på skogen, så kan e føl’ med dem til e’ bli’ blå i trynet å spring oppi fjillo og lio å alt som e’, men e’ har ikkje nå å still opp med, så lenge ein jerv kan få herje slik som han gjer!

Fekk ikkje gehør

Utblåsninga frå Røymo gjorde sterkt inntrykk på dei mange frammøtte – likevel var det ikkje mykje gehør å få. Viltforvaltar hos fylkesmannen, Astrid Buset, uttrykte seg slik til NRK: – I det området vi er i no, er det mål om tre årlege ynglingar, og det har vi ikkje oppnådd dei siste åra. Derfor er det vanskelig å gje fellingsløyve slik som dei ønskjer seg no når dei opplever store tap.

Klar tale

Til dette svarar Røymo følgjande:

– Det er ikkje snakk om å utrydde rovdyra – det er ikkje det det gjeld. E’ vil ha mulighet for å tak ut ein forbainna jerv som ødelegg så mykje i flokken! De’ va’ det einast’ e’ villa – og så fekk e’ ikkje lov.

I etterkant av NRK sin reportasje frå  gardsbesøket på Røymo og møtet i Sunndalsporten måndag kveld har det vore stor aktivitet på Facebook. Og her har Anne Grete Røymo fått massiv støtte for sin uredde tale. Også under møtet i Sunndalsporten var det stort sprik i meiningar etter det som kjem fram på Facebook.