Styreleiar i Laget Vårsøg, Patrick Reurink, ønskte ein fullset foajé i Surnadal Kulturhus velkomen til den 20. Vårsøghelga - før han overlet ordet til fylkeskultursjef Heidi Iren Wedlog Olsen, som fekk æra av å forestå den offisielle opninga av helga.

Ho peika på at kultur er avkobling, men like mykje påkobling - og trekte fram at Vårsøghelga legg til rette for gode opplevingar og bidreg til auka livskvalitet for oss alle - før ho erklærte den 20. Vårsøghelga for opna.

Før alt dette hadde deltakarar og lærarar på STOMPverkstaden vist oss kva dei har sysla med i timane før opninga, og vi fekk ein demonstrasjon på kva som går an å få til av rytmar og tonar med enkle middel.

Vi fekk òg innslag av ungdomskoret Young Voices - som elles spelar ein rolle i jubileumskonserten fredag kveld og skal framføre fleire songar av Hyldbakk/Sommerro saman med Sommerro sjølv og Trondheim Symfoniorkester.

Vårsøgleiar Gerd Ingrid Kvendset las eit brev frå Håkon Bleken (86) der han beklaga at han ikkje kunne kome grunna at han rett og slett hadde det for travelt. Han sende med blomster til Surnadal kunstforening der Anne Grete Kvendset og Anne Marie Rognskog tok imot på vegner av kunstforeininga.

Mette Sæter Ormset stod for opninga av sjølve utstillinga, og vi skjønar storleiken til kunstnaren når vi høyrer kva han har vore med på av utstillingar og alle stadene han er innkjøpt og har måla bestillingsverk og dekorasjonar.

Sitt store gjennombrot fekk han først i 1971 med si serie av kolteikingar "Fragmenter av et diktatur". Han har og gjort seg bemerka saman med Håkon Gullvåg i protesten mot riving av Svartlamoen.

Kunstnaren sjølv var med og plukka ut bilde saman med representantar for kunstforeininga, og visste med ein gong kor mange bilde som skulle til då han høyrde storleiken på lokala.

Etter opninga var det servering av blautkake frå Kiwi og Vårsøghelga 2015 er i gang.