Kvart år har Dikt frå Vårsøglandet, skrive av elevar i grunnskulen i Surnadal vorte lese opp på Kleiva. Etter kvart har også skulane i Halsa og Rindal vorte med. Om det ikkje ligg føre ein formell kommunesamanslåing, er dei alle del av Vårsøglandet. Opplesinga av årets nye dikt har vore eit svært populært innslag på Kleiva.

Den første samlinga av Vårsøgdikt mellom to permar kom ut i 2004. Sidan den gongen har komiteen for Dikt frå Vårsøglandet gått gjennom tusenvis av nye dikt.

Det var heilt naturleg at det var Vårsøgleiar Gerd Ingrid Kvendset som presenterte den andre boka i serien, "Nye dikt frå Vårsøglandet" i samband med opninga av den 20. Vårsøghelga, siden det var ho som hadde ideen til ei diktmønstring for unge i utgangspunktet.

Det hadde ikkje lukkast Vårsøgleiinga å få nokre unge diktarar til opninga. Difor bladde Kvendset opp i boka og plukka eit dikt heilt vilkårleg. Det var skrive i 2005 og viste seg å vere eit sterkt dikt om ei flodbølgje. For oss som minnest nyheitssendingane etter Tsunamien i Indonesia, Thailand og på SriLanka jula 2004, var det ikkje tvil om kva hending den unge lyrikaren skreiv om.

Ikkje alle dikta treff på like vonde stader som dette, og folk som kjøper boka vil heilt sikkert finne dikt både til glede og nokre til ettertanke.

Vårsøgleiaren nytta høvet til å takke Surnadal kommune, Nordmøre mållag og Surnadal heimbygdlag som har bidrege til utgjevinga av boka. Med Vårsøgjubileum og allting, kjem boka heilt i rett tid.

Boka blir å få kjøpt i foajeen i Kulturhuset gjennom heile Vårsøghelga.