Ungdomsskuleelevar i Surnadal fekk oppleve Henning Sommerro i fri dressur under "Henningtimen" i Vårsøghelga.

Det starta med opptaket av Vårsøg frå plata med same namn som kom ut i 1977. Karrieren med Vårsøg har heilt klart bidrege til å gjere Henning kjent, og han opplevde ei tid ikkje å få gå i fred på gata i Oslo.

Med "Sola e komma" vanka det Spellemannspris òg. Frå denne utgjevinga fekk skuleelevane høyre "E slåttatæja" der Hans Hyldbakk skreiv om sitt eige liv.

Hans Hyldbakk var annleis enn andre folk - og enno meir annleis i si samtid enn han hadde vore no. Å vere diktar var ikkje akseptert som noko ein kunne leve av.

Henning trekte paralellen til sin eigen karriere, og var sjølv annleis med andre interesser enn sine sambygdingar. Det er fort gjort å bli sett på som litt "rar" når ein går andre vegar enn folk flest.

Han fortalde om sitt møte med barneskulen - om Jon Skogstad som var barndomsven - og at han etter kvart vart kjent med Ola Skei som i likheit med Henning spela trekkspel. Det vart etter kvart litt musisering saman.

Så kom ei hending som snudde opp ned på alt - dei høyrde Beatles på Radio Luxembourg. Då vart det om å gjere å starte band - og ikkje nok med det, dei begynte å lage eigne låtar. Låtene var vel heilt greie poplåtar, om engelsken i teksta ikkje heldt heilt mål.

- Eg har aldri skjønt dette med leidningar og elektrisitet i musikken, men har vel etter kvart lært å akseptere at det er der, berre eg slepp å styre med det sjølv, seier han.

Henning kom inn på musikkonservatoriet i Trondheim litt bakvegen, og opplyste at han eigentleg har berre ni års skulegang. - Utan at skal la dykk inspirere av det, fleipa han til elevane.

Han vart også Surnadals første sivilarbeidar sidan han nekta militærteneste på humanitært grunnlag.

I 1980 var det slutt med Vårsøg. Henning gjekk andre vegar og hadde fått førspurnader om å skrive teatermusikk og andre bestillingsverk.

Han konstaterer i alle fall at han har halde på med musikk heile livet - og ga eit lite innblikk i kva han kan finne på å lytte til av musikk. Ikkje akkurat slikt som ungdom flest lyttar til i dag.

- Vi lever på mange måtar i ei boble. Det er farleg å "parkere" instinkta og slutte å vere nysgjerrig på det som skjer utanfor bobla, seier han.

Han oppfordra også dei unge til å stille spørsmål. Dei som har bestemt seg, dei som har funne svaret, dei som veit dei har rett - tek heilt sikkert feil. Det vil alltid vere spørsmål å stille. Det er visdom som ein og kvar kan leggje seg på hjartet.