"No skin det sol i høgste Svealiå" - slik byrjar diktet Vårsøg - som om folk ikkje var klar over det allereie.

Då blir det midt i blinken å stille på torgdag i Vårsøghelga med Svealiahonning, som Elisabeth Mo og Baard Løfaldli gjer.

- Og honninga er produsert i høgste Svealiå?

- Nei, ikkje riktig i høgste, meir ved foten. Men sola har forlengst kome dit òg no, fortel Baard Løfaldli.

Han nøler ikkje med å hevde at Svealiahonningen er verdas beste.

- I alle fall har ingen som har smaka honninga imøtegått meg på det enno, smiler han.

Han påpeiker at nedover Europa blir det drive ein slags industrialisert produksjon av honning. Kubane blir sett opp på eit industriområde og biene blir fora med sukker.

- Vi forar òg med sukker om vinteren, men vi tømmer bort all honning som har vore produsert på sukker om våren. Kubane står plassert på forskjellige stader, og når hausten kjem og honningen skal haustast, blandar vi alt slik at Svealiahonning blir ei god blanding av vanleg honning og lynghonning. Det gjer den til verdas beste honning, meiner Løfaldli.

Honningfarmen innunder Svealia produserer også ei honningblanding til medisinsk bruk. Elisabeth Mo opplyser at denne spesielle urtehonningen har ei rekkje typer urter som alle er kjend for å ha gunstig verknad på infiserte og såre luftvegar.

Smakar godt gjer den i alle fall.

Etter ein kald og regnfull mai, kunne folk gle seg over å vakne til strålande solskinn laurdag morgon. Dette bidreg også til å få folk ut av dynene og ut i sola - og ut på torgdag. Slik sett er vel denne torgdagen i Vårsøghelga den best besøkte dei åra den har vore del av Vårsøghelga.

Her kan du velje og vrake i mange typar av korteist mat, av husflid og anna husgeråd og også kunstprodukt.

Og om du treng noko innabords med ein gong, så er det også kaffe, graut og bakels å få kjøpt.