Småbarnsforeldre i Bøfjorden, med Bodil Kvam Aasbø og Nora Vetleseter Bøe i spissen er no i full sving med å sette opp ei lokal Kaptein Sabeltann-førestilling med ungar frå første – til tredje klasse som skodespelarar.

Det var Bodil, ungane hennar og fleire ungar som var på besøk, som først begynte å leike med tanken på at om at det hadde vore artig å sette opp dette skodespelet. Ideen modna litt og vart raskt til noko meir.

– Ungane var ivrige og fekk raskt med seg fleire, og så balla det berre på seg, fortel Bodil.

No er dei godt i gang med øvingane, slik alt skal sitte godt når det heile skal framsynast ved Bøkleppnaustet i september.

– Enten blir det framsyning helga i veke 37 eller i veke 38, det kjem litt an på vêret og flo – og fjøreforholda, fortel Bodil og Nora.

Mykje skal innøvast

Det er den aller første førestillinga om Terje Formoe sin sjørøvarfigur; Kaptein Sabeltann, dei no øver inn; barne- og familiemusikalen «Kaptein Sabeltann og skatten i Kjuttaviga».

Driva var innom på den aller siste øvinga før sommarferien, og fekk sjå entusiastiske unge skodespelarar som går inn for oppgåva med liv og lyst. Det er mange replikkar og songar som skal lærast, så ikkje riktig alt er på plass enda. Men at dette blir bra til slutt, det herskar det ingen tvil om.

– No får dei i lekse å øva inn replikkane i sommarferien, så når vi treffast att etter ferien startar vi nok med meir effektive øvingar kvar veke, seier Bodil.

Da blir det straks meir action, ifølge skodespelarane. Da skal det nemleg øvast på å gå planken, for å nemna noko.

– Vi satsar på at vasstemperaturen er litt betre då, smiler Bodil, som gler seg minst like mykje som ungane.

Sjørøvarskip og kanon

Eit «vaskeekte sjørøvarskip» skal og nyttast, og kanskje til og med ein ekte kanon. Dette blir altså ei førestilling med krut i seg.

I tillegg til dei elleve unge aktørane i oppsettinga, har dei hyra inn ein vaksen proff frå Bøfjorden teaterlag til rolla som Kaptein Sabeltann; Lars Settemsdal.

På premierekvelden blir det både kaffesal og meir til. Og med sjølsydde kostyme, båtar, sildtønner, garn, bål, faklar og andre tidsriktige kulissar og effektar kan i alle fall ein ting garanterast: Publikum får seg ei oppleving heilt utanom det vanlege her i fjøresteinane på Bøkleppen, eller rettare sagt; Kjuttaviga.

«– Gull – vi vil finne gull – nå er det slutt på tøys og tull, for vi vil finne gull! syng dei unge skodespelarane.

Og om dei finn gullskatten står att å sjå, men publikum vil i alle fall bli litt rikare, for denne kvelden blir heilt sikkert reint gull i seg sjølv.

– Litt planlegging står att enda, men vi håpar i alle fall å fylle opp området med folk denne kvelden, seier Bodil og Nora.

Sjå video av at dei syng «Gi aldri opp»