Skal overvake sau på fjellet med avansert teknologi. Rindal kommune og Bioforsk på Tingvoll samarbeider om eit forskingsprosjekt til fem millionar kroner, der ein skal utvikle ny teknologi for å overvake sau på beite.

–Vi har altfor store tap av sau og lam på beite, seier landbrukssjef i Rindal, Bjarne Lund. Han er sentral i eit nytt prosjektet som har eit samla budsjett på nesten fem millionar kroner. Det er eit samarbeid med sauekommunen Rindal og andre sauekommunar som Os, Grue og Løten i Hedmark og Halsa og Tingvoll i Møre og Romsdal. Bioforsk på Tingvoll, Telespor og Høgskolen i Hedmark er samarbeidspartar på forskingssida.

Sensor

Forskarane skal utvikle eit teknisk system som kan gjere at tapa på fjellbeite og elles vert redusert. Tittelen på prosjektet er «Teknologi for betre forvaltning og sikring av utmarksressursen som eit framtidig næringsgrunnlag». Dei har blant anna fått 3, 1 millionar kroner frå Regionale forskingsfond Midt-Norge og Innlandet.

Teknologien som skal utviklast vil vise nøyaktige fysiologiske målingar på sau og lam. Ein sensor blir festa på dyra. Den vil gje gardbrukaren informasjon om det skjer noko med dyra, til dømes om dei er sjuke eller stressa.

Utviklinga blir gjort i samarbeid med Telespor, som mange brukar i dag for å finne ut kor sauene held til.

–Om vi lukkast vil ein kunne sette slike sensorar i produksjon, så dei blir tilgjengeleg for alle som driv med sau og andre husdyr, seier Kristin Sørheim ved Bioforsk på Tingvoll. Forskarane skal blant anna sjå på når det er viktig for gardbrukarane å få beskjed om tilstanden til lammet eller sauen. Til dømes kva for kroppstemperatur eller hjartefrekvens som bør utløyse varsling til gardbrukaren. Dei vil også finne ut kor på dyra det er best å plassere sensoren.

Forskarane vil utvikle sensorar som skal kunne seie noko om kva for sjukdom dyra har fått.

Dei vil også finne ut korleis dyra reagerer reint fysiologiske når dei vert angripne av rovdyr.

Store tap

Kvart år vert det utbetalt erstatning for over 30 000 sau i Norge. Berre ein brøkdel av dyra som blir borte på fjellet vert funne, faktisk berre 8 %. –Derfor er det lite sikker kunnskap om kva tapa eigentleg skuldast, seier Kristin Sørheim, som er sentral i prosjektet. I tillegg til å vere avdelingsleiar ved Bioforsk, Tingvoll er ho veterinær med spesialfelt innan sau.

–Det er viktig å få ned tapa i sauenæringa, seier jordbrukssjef i Rindal, Bjarne Lund. Han har tru på at prosjektet vil vere med på gjere akkurat det.