Senterpartiets  Kristin Sørheim er sterkt uenig i forslaget Dordi Skuggevik har lansert rundt samferselsløsninger på Nordmøre. Skuggevik mener planene om fergefritt samband i indre og i ytre Halsafjorden bør samordnes, og at det bør bygges bru  over fjorden fra Aksneses i Tingvoll og over til Surnadalsneset, og legge veien videre i tunnel under Nordmarka til Surnadal og opp til Rindal.

Sørheim skriver i et leserbrev at et slikt alternativ vil bli en omveg for trafikken fra Molde til Trondheim, og at det er viktig å holde fast ved bruløsningen over Todlsfjorden.

Her er leserbrevet fra Sørheim:

Todalsfjordprosjektet

Dordi Glærum Skuggevik ytrar enda ein gong til strid om Todalsfjordprosjektet og Halsafjordsambandet. Eit nytt alternativ – tidlegare kalla Nordmørsbrua – skal komme i staden for desse. Dette alternativet skal gå gjennom Tingvoll, med bru frå Aksneset til Surndalsneset og tunnel under Nordmarka og flytting av E 39 til Surnadal –Rindal. Alle som meiner noko anna enn DGS, er idiotar og har ikkje lest og forstått verken kart eller terreng.

Mitt syn er at eit slikt alternativ vil bli ein omveg for trafikken frå Molde og Kristiansund til Trondheim, og det vil ikkje fungere for lokaltrafikken mellom Sunndal og Surnadal.

No må vi halde fast på den valte bruløysinga for Todalsfjordprosjektet og ikkje rote til den posisjonen prosjektet har i fylket! Vi må sikre at planleggingsarbeidet tek høgde for nye teknologiske løysingar som også kan spare naturen rundt Svinvika, og arbeide for rimelegare løysingar enn det som har sett dagens lys så langt. Med mindre aktivitet i oljesektoren, kan kompetansen og kapasiteten nyttast til å arbeide fram nyvinningar som kan komme fjordkryssingane til gode, både når det gjeld teknologi og miljø.

Kristin Sørheim

1.kandidat på fylkesvallista til SP

Les innlegget til Dordi Skuggevik her: www.driva.no/meninger