”Det regnar aldri på konsertar i Todalen sa, Erik Malling, som er vertskap på Todalshytta – det er berre å sette opp eit telt, så sluttar det”. Regnet hølja nemleg ned ein liten halvtime før friluftskonserten på Todalshytta starta, men før sceneteltet kom opp var det igjen opplett.

Det var ein Knut Reiersrud i storform som entra den improviserte scena framfor Todalshytta laurdag kveld, der eit stort hundretals publikum hadde funne plass. -  Han hadde brukt laurdagen på laksefiske i Toåa, men hadde ikkje fått eit einaste napp. Men han hadde treft mange hyggelege laksefiskarar og hatt ein triveleg dag i elva, og starta derfor underhaldninga med topplada batteri.

Knut er ein gitarist utan sidestykke, og musikken hans var ein fryd for øret bokstaveleg talt. Han varierte frå rolege gitarsoloar til soulrock med skikkeleg sving i. I løpet av dei to timane han var i aksjon var han innom folketonar, Prøysen og  bluesrock frå club7-miljøet i gamle dagar. - Til og med Eivind Grovens gamle pausesignal på NRK vart flott musikk på Reiersruds gitar.

Knut Reiersrud var i skikkeleg slag, det kunne vi merke både på musikken og på ”småpludringa” med publikum under konserten, og han avslørte seg som ein skikkeleg humorist som hadde overmåteleg godt lag med gitaren.

Konserten med Knut Reiersrud føyer seg godt inn i rekkja av konsertar av høg kvalitet, og Todalshytta er i ferd med å bli eit lokalt kultursenter som absolutt er å rekne med i toppdivisjonen.