I Sjøbruksmuseet i Bøfjorden blir det arrangert temadagar kvar søndag i heile sommarhalvåret, der Bøfjord historielag set aktuelle tema på dagsorden. Sist søndag var det pensjonert fysikklærar Einar Oterholm som tok for seg vikingane og korleis dei navigerte - med eit 60-tals interesserte i salen.

Korleis vikingane navigerte er det ingen som veit heilt sikkert, men vi veit at dei ofte var 2-3 veker i sjøen – kanskje meir. Dette har Oterholm fundert mykje på, og han har eigentleg funne fleire svar.  Metodane som vart bruka var langt ifrå så sikre som dei metodane som er bruka i dag. Men vikingane fann fram, sjølv om dei enkelte gong kom til andre plassar enn dei eigentleg hadde tenkt seg.

Vikingane opererte i tidsrommet frå seint 700-tal til slutten av 1000-talet, og på den tida fanst det ikkje så mykje å hjelpe seg med. Sikrast var det å ha kontakt med land – sigle langs kysten, men enkelte gonger måtte dei over ope hav, og det var nok den stor utfordringa. I denne perioden utvikla dei også båtar til slik sjøfart – vikingskipa var tilpassa, og historia viser at det vart bruka skip på opptil 50 meters lengde og 10 meters breidde.

Men det store spørsmålet er korleis dei navigerte når dei ikkje såg land. Vi veit at dei segla mest i den lyse årstida, og kunne ikkje navigere etter stjernene – og ikkje kunne dei bruke sola når det var skodde og dårleg vêr. Dei kunne kanskje bruke leiarstein (magnetjarnstein) for å finne retninga, men den hadde stor misvising i nordområda, slik som kompasset.

Oterholm konkluderte med at dei kanskje bruka solstein – ein slags kvartskrystall som kan sleppe sollyset gjennom sjølv om det er skodde og dårleg vær – altså lys i kombinasjon med eit slags lyssperre for å peile retninga. Det er no forsking på gang for å finne om dette var ei farbar løysing på problemet med navigasjon i vikingtida – så får vi berre vente og sjå om vi får svar.

Komande søndag er det nytt tema på sjøbruksmuseet – da er det ”Herresetet Aasgaard” som står på programmet.