Grøvuhelga starta sist fredag med årsmøte i Grøvudalslaget på Inner Gammelsetra. Laurdag var den store seterdagen, det vart storarta servering av både den kulinariske og musikalske sorten.

Laurdag vart det seterkonsert med Kine Iselilja Gyldenskog frå Tingvoll, ho er ein habil folkesongar som har fordypa seg i nordmørske folketonar. Gyldenskog er for tida student ved Ole Bull Akademiet på Voss. Gyldenskog heldt etter konserten kurs i «song på setra», eit populært innslag der mange fekk fram sin indre lokk.

Etter fjøstida laurdag kveld var det duka for hovudretten: rømmegraut og dans på setervollen.

Få opplevingar kan tangere å danse på setervollen på Inner Gammelsetra til langt på natt. Rundt 60 personar, barn og vaksne, naut kvelden i lag på setra. I fjor feira Grøvuhelga 40-årsjubileum.

–Grøvuhelga starta som ei avslutning på seterkursa vi hadde med Trond og Helga Gravem, og ingrediensane er dei same: dans på setervollen, folkemusikk og rømmegraut, fortel Marit Hoel. Marit kom til setra som litlsetertaus med budeie Helga Gravem i 1972, då ho var ung tenåring. Ho var med å dra i gong dei fyrste seterkursa.

Då Helga og Trond ga seg som drivarar av setra var det deltakarar frå seterkursa som tok over drifta. Mange av deltakarane frå det fyrste seterkurset i 1972 er fast inventar på Grøvuhelga.

–Folk kjem att år etter år. Sjølv feira eg 60-årsjubileum for fyrste besøk på Gammelsetra for tre år sidan, fortel Tor Helge Gravem, son til Helga og Trond.

Lydane på Gammelsetra under Grøvuhelga er mange, hønene kaklar, folk skravlar, kyrne rautar, ungane flirer, grautgryta putrar og budeiene lokkar. Men det er ein lyd alle ventar på når det kveldast på laurdagen: når luren let er rømmegrauten klar. Ei av årets budeier, Aisha Marie Heim, blas i luren i lag med 6 år gamle Sara Svisdal Halberg.

Årets budeier og budører sto for matlaging og servering. Tradisjonen tru helsa dei folk velkomne med song framfor setra. Og rømmegrauten slo an.

–Det er kjempegodt med graut! Og i år var den like god som alltid, seier Emil Oskar Vennevold Svisdal, som var med foreldra og søsken på Grøvuhelga. Emil kunne elles avsløre store planar for kvelden:

–Eg kjem til å danse i kveld. I alle fall vere med på ringdansen.

Arbeidet er sentralt i eit seterliv. Kvart år kjem ein gjeng ungdommar til seters for å tilbringe ei veke eller fleire med tidlege morgonar, hardt arbeid og krevjande oppgåver. Simen Flaten Svisdal ein av årets budører. Han skryt av seterlivet.

–Det er utruleg triveleg, ein vert kjent med så fine folk og det er viktig å formidle tredisjonene. Det er tredje året mitt på setra, og eg kjem til å halde fram, eg kjem til å kome att igjen og igjen, fortel han.

I det dei fyrste tonane trillar ut av trekkspela er dansen i gong. Det vert dansa mellom anna ringdans og polonese til stor glede og mykje latter. Dansen på setervollen held fram ut i det små timar, til kulda kjem og selskapet flytte inn i gammelfjøset. Der vart det latter og song til morgonkvisten.

Meir om Grøvuhelga i Driva onsdag!