På nasjonalparksenteret på Gjøra kan dei fortelje at brosjyrane flyr unna.

–Ja, vi har det travelt, det er mykje besøk! fortel turistinformatør Frida Gravem.

Yngvild Sæter

yngvild.saeter@driva.no

–Vi plar skrive ned kor mange som har vore her og kor dei kjem frå, men det har vi rett og slett ikkje hatt tid til den siste tida, fortel Gravem. Ho har sommarjobb på turistinformasjonen saman med søstera Synne Gravem og Georg Aarnes Nisja. Mange av dei som kjem innom er utlendingar.

–Ja, det har vore busslass med folk frå Latvia innom, men også ein del tyskarar og russarar. I tillegg kjem ein del norske turistar innom, og mange i lokalområdet nyttar høvet til å stikke innom og planlegge ein tut, fortel Gunn Signe Aarnes, dagleg leiar i Sunndal Nasjonalparksenter.

Dyktige ungdommar

For Frida vert det tredje året på nasjonalparksenteret. Det har vore ein lærerik jobb.

–Fyrste året var litt skummelt, ein må jo snakke med mange i løpet av ein deg, gjerne på engelsk. Eg har lært utruleg mykje, og kjenner meg tryggare på meg sjølv no, fortel Frida. Før kvar sesong vert det arrangert ein kurskveld for ungdommane som skal jobbe på senteret.

–Ungdommane kjenner området utruleg godt, dei kjem herifrå og er sjølv interessert i friluftsliv. Dei er utruleg dyktige! Det har hendt fleire gonger i år at turistane har kome innom oss att berre for å takke for dei gode tipsa dei fekk! skryt Gunn Signe.

Mange rare spørsmål

Turistane spør om mykje rart, og nokre av dei har for eksempel litt urealistiske forventningar til bilvegane.

–Ja, det er mykje spørsmål om bilvegane, og ein turist lurte på om han kunne køyre rett over fjellet ned til Grøa, fortel Frida.

Turistane lurar også fælt på kor nasjonalparken er.

–Ja, andre plassar kan ein jo sjå ei klar forskjell mellom nasjonalpark og kringliggande område, og mange turistar forventar at dei skal sjå noko heilt anna nå dei kjem over grensa inn i nasjonalparken. Men her er det ikkje noko særleg skilnad på naturen i og utanfor grensa, fortel Gunn Signe.

Kunst og informasjon

På nasjonalparksenteret kan ein ikkje berre få informasjon om området, men også sjå flotte utstoppa dyr, leike i leikekroken og gå på naturstien. No har senteret i tillegg vorte kunstgalleri. Åtte kunstnarar frå distriktet visar kunstverk på senteret.

–Ja, denne flotte utstillinga er vi stolte av. Den heng til 16. august, så det er berre å ta turen, seier Gunn Signe.

Det har vorte satsa friskt på turisme i Sunndal dei siste åra, og på Sunndalsporten er det mykje nytt av året.

–Vi har mellom anna oppgradert naturstien med benkar og bord og fått laga nye plakatar, fortel Gunn Signe. Den faste utstillinga er laga av Ole Mauset og Lars Gjøra.

Men Nasjonalparksenteret er ikkje berre viktig for turistane.

–Nei, dette har vorte ein viktig møteplass for bygda. Sunndalsporten er med på å bygge identitet på Gjøra, og har bidratt til bevisstgjering rundt eigen bustad. Eg trur Gjøra hadde vore ein heilt annan plass utan Sunndalsporten og nasjonalparksenteret! seier Gunn Signe.