Plassgarantien har vore ei forsikring til reisaren om at ein kjem med bussen. Om det vert fullt syt selskapa for ein ekstra buss eller taxi. No har busselskapa sett seg lei av den ekstra utgifta, frå 1. september i år er det slutt på garantien.

-Dei er viktig for dei som planlegg å kunne sette opp rett kapasitet, seier marknadssjef i Nettbuss, Svein Arne Vik til NRK Møre og Romsdal.

Busselskapa melder at det kjem til å verte billigare å kjøpe billett på internett eller på eit kundesenter samanlikna med kjøp på bussen, og anbefaler reisande å kjøpe billett i god tid før reisa.

Plassgarantien forsvinn ikkje heilt, presiserar Jarle Røkkum, avdelingsleiar i Nettbuss:

-Her i fylket køyrer Timeekspressen linje 11 og, Mørelinjen rute 155 på avtale med Møre og Romsdal Fylke, i tillegg til å være ein del av Nettbuss Ekspress sitt tilbud. Dette betyr at fjerninga av plassgarantien ikkje omfattar disse to rutane på det nåværende tidspunkt. Plassgarantien vil her vere gjeldande til vi i tilfelle får anna beskjed frå Samferdselsavdelinga i fylket, eventuelt i forbindelse med nye kravspesifikasjonar i forbindelse med utlegging av nye anbud for dei respektive rutene, seier han.