På laurdag marsjerar Kløvvegsmarsjen av stabelen. Tove er med å arrangere turen, som går via Mausetsetra, Tel-lia, Velteret og innover Vindøldalen til Røstasetra. Det er ein tur med lange tradisjonar.

–Den gamle kløvvegen vart nytta til å gå med krøttera til setrene, men no går dei med krøttera langs vegen. Kløvvegsmarsjen syftar å halde stien open så den ikkje gror igjen. Marsjen vert arrangert for tolvte eller trettande året i år, så det har vorte ein flott tradisjon, fortel Mogstad.

Hestar med kløv høyrer heime i ein kløvmarsj.

–Det kjem, som alltid, til å vere med hestar. Dei kjem til å gå med kløv og nokon kjem til å ridast, seier Mogstad.

Marsjen går i sakte takt med gode pausar og turen passar for dei fleste.

–Sia det har vorte bilveg går vi berre eit lite stykke av den opphavlege kløvvegen, ein kan seie vi går sjarmøretappen. Tidlegare har alt frå små born til godt vaksne vore med, og dei er alle begeistra etter turen. Vi kjem også til å opne bommen for dagen, slik at ein kan køyre heilt opp til setra om ein er dårleg til beins, seier Mogsted.

Vel framme på setra vert det musikk og forteljingar. Nils Røv fortel og speler munnspel, og Larsens kvartett syt for flotte tonar til fjells. På søndag vert hest bytta ut med prest, og det vert dåp og gudsteneste utomhus på Røstasetra med prest Bjørn Hovde. Eistein Bæverfjord syt for ekstra gode tonar i guds utomhus, han tangerer trekkspel. Det vert matsal båe dagane.