-Eg høyrde ein lyd bak huset, og der låg ho og skreik, fortel Alexandra Henden. Ho var redd for at det vesle dyret var forlate og tok med råkjeet inn i huset.

-Eg kom heim frå jobb ein dag til eit rådyr i huset! Ein skal ikkje ta med kje inn i huset når ein finn dei slik, men når det fyrst hadde kome inn var det for seint, då hadde det fått lukt av oss, fortel mannen til Alexandra, Egil Henden. Dei bur i Valsøyfjord.

Gjort er gjort og rådyr er rådyr, Prinsessa fekk eit nytt kongerike. Ho fann ein god ven i den unge elghunden Remy.

-Ho hoppar opp på Remy, går på ryggen hans og suttar han på øyret. Dei kjem veldig godt overeins, fortel Egil. Han fortel at det ikkje berre er hunden som har vorte glad i kjeet.

-Vi vart no fort glad i Prinsessa. Alexandra, som er frå Russland, kallar ho Losjuska, som betyr liten på Russisk. Prinsessa kjem springande når ho høyrer stemma til Alexandra, men er meir skeptisk til framandfolk, fortel Egil.

Prinsessa nyt livet innomhus hos den nye familien sin, og tilbringar dagane med å tygge på saker og leite etter å få kos. Ho er mykje ute.

-På dagtid går ho ute i hagen med katteband på seg, men er mykje inne hos oss, seier Egil.

Framtida til Prinsessa er noko uviss.

-Vi har tenkt på å prøve å sette ho ut til hausten, då skal vi merke ho. Men vi er litt redde for at ho ikkje overlever vinteren, så spørst om ho vert buande i fjøset. Onkelen min var kjapp til å kommentere at det vert kortreist julemat i år, men det er ikkje aktuelt! slår Egil fast.