– Det er heilt fantastisk stemning! fortel leirgeneral Eir Husby.

Underleir braka laus på måndag og varar til søndag. kring 40 barnlege vaksne deltek. Det vart ein flygande start for vaksenleiren.

–I fjor vart Underleir arrangert for fyrste gong, og det tok litt tid å finne forma. I år vart stemninga satt frå fyrste sekund, det gjorde godt i sjela. Fjorårets leir vart ei heilt fantastisk oppleving, og alt tydar på at det vert like bra i år, sjølv om det er litt dårlegare vêr, fortel Eir Husby.

Har slått an

Konseptet leirskule for vaksne har slått an. Eir oppdaga at det fantest liknande leirskular i USA, og bestemte seg for å prøve det same i heimbygda Øksendal. Fjorårets Underskog vart ein braksuksess, og fekk stor oppmerksemd i heile landet.

–Eg vart blant anna invitert til å halde eit såkalla Pecha Kucha foredrag på DOGA (Norsk design og arkitektursenter) i Oslo. Det var ei utruleg spesiell oppleving å stå på scena i Oslo og fortelje om vesle Øksendal, eg ser på det som bygdemisjon! seier Eir.

Ronny Vestli frå Askøy utanfor Bergen deltek på Underleir for fyrste gong.

–For meg er det eit perfekt opplegg. Til dagleg bur eg åleine og er i ein alder der mange av venene mine er gift og har born. På Underleir vert eg kjend med utruleg mange, det er eit sterkt samhald. Eg får også halde på med ting eg er interessert i, som å lære å hogge ved, spele spel og gå på tur.

Dugnadstimar

Det ligg mange dugnadstimar bak leirskulen. Deltakarane kan velje mellom mange og varierte kurs, dei kan lære seg alt frå japansk matlaging til å bygge hullkamera. Eitt av kursa, økologisk kjøkkenhagekurs, står Kirsty McKinnon frå Norsøk bak. Kurset fann stad i Eir sin eigen kjøkkenhage på onsdag.

–Ja, dette er mitt vesle kaos, så eg er glad for at eg får hjelp til å rydde opp litt, ler Eir og viser fram kjøkkenhagen. Her finn ein mange spanande grønsaker og anna godt.

–Mange av plantane er arvestykke, blant anna olapoteten frå Jordalsgranda, fortel Eir.

Meir om Underleir og Eir i dagens Driva!