- Det har ikkje vore mange solskinnsdagar i sommar, men laurdag den 1. august da Stangvik Historielag hadde bestemt å ta ei «kulturvandring» innover Søyådalen, var det ikkje mange skyer på himmelen, skriv historielaget i ei skildring av turen.

Vidare heiter:

"Vi starta med samling ved gammelskulen oppå Eidet, der ein av «gaidane», Torbjørn Polden, orienterte litt om turen vidare. Første stopp var ved Gammelseterbrua. Like ved deler dalen seg i to, vi får Terrådalen «beint fram», og Søyådalen tek ein sving mot høgre ikkje langt innafor her. Torbjørn fortalte her om Gammelsetrene, som låg på andre sida (nord-sida) av elva, og nemnte og dei to setrene som låg inne i Tverrådalen. Når vi stod og såg oppover liene her, var det ganske utruleg at det hadde vore markaslått oppi her – vi såg ikkje mange grøne «lunger» oppi olderskogen her i dag.

Så fortsette vi turen inn til parkeringsplassen ved brua, og tok føtene fatt på austsida av dalen.  Her vart det først stans ved tuftene av den gamle Østbøsetra  – seinare Øvre og Nedre Midtsetra -  som til slutt vart til ei seter, Midtsetra, der dei setra til midt på 1930-talet. Hamninga til den gamle Midtsetra låg på båe sider av elva.

Like før vi kom til Holtasetra, stoppa vi ved tuftene av gamle Søyådalssetrer. Her var det Erling som orienterte om kven som hadde setra her attover tidene. Det var berre steinmurar att, både etter fjøs og skjel.

No leid det til «lunsj-tid», og ved Holtasetra kom matpakkar og termosar fram. Sola varma og godt der vi satt og såg over mot Mo-setra og Øyskog-setra på andre sida av elva. Like ved Holtasetra har vi Klokkargards-setra. Etter som eg forstod, har det attover tidene vore mange eigarar av seterhusa her, og ofte endra dei namn på setrene etter kven som var drivarar/eigarar. Vi såg og så vidt i ein krøtterskokk innafor Klokkargardssetra. Løfta vi blikket litt lenger opp, kunne vi slå fast at «jammen e d mykkjy snø i fjilla i år, ja»!  Store snøfenger både oppi Trollhøtta og Snøfjellet!

Nede på stølen ved Holta-setra står det skilt/vegvisar som syner kvar vi finn brua – eller «bokken» - over elva. På andre sida av elva gjekk vi så forbi Mo-setra, Øyskog-setra og Vasendsetra. Neste seter var Utigard Melling. Denne setra stod tidligare 200 m lenger inn. Her gjekk det i 1979 eit stort snøras, og etter dette vart setra flytta dit ho no står. Seterstølen her vart slegen heil til 1968.

Ved setra til Austigard Melling var det tidlegare kunngjort ein lengre stopp. Her fekk vi meir påfyll av seterhistorie ved «gaidane», men ikkje nok med det: her vart vi bedne inn til servering: kaffe, saft og gode kaker! Verkeleg kosleg; stor takk til Anders, Gunnhild, May Britt, Brit og Einar!! Seterstølen var nyslegen, fint var det og inne på setra, her hadde dei teke vare på mange fine «kopper og kar» frå tida det var dreve setring.

Vi tok så fatt på siste delen av turen, først forbi hytta til Brit Melling, og så måtte vi stoppe og skrive oss inn i hytteboka til Oddvar og Gunnvor Kvande i «Bekketun» før vi gjekk ned til bilane.

Det er rart å tenkje på at dei hadde setra her inne både frå Neslandet, Røkkum, fleire plassar i nedre og øvre Surnadal, frå Søyset og Mo utpå «Kvennalanda» - jammen mange lange setervegar!  For å sjå og lesa meir om dette, vil eg anbefale boka som dei tre «Gaidane» vore, Torbjørn, Erling og Lars Steinar, har skrev: «Søyådalsboka».  Takk til gaidane, «seterfolket» på Mellingsetra, og ikkje minst alle dei andre som møtte opp og vart med på turen – vi vart vel omtrent 50 stk!"