Naturvernforbundet i Møre og Romsdal inviterer alle som kunne tenke seg å bidra til slått og renovering på Vollasetra i Trollheimen til seters.

Laurdag og søndag er det slåttedagar på Vollasetra og Langbakksetra i Sunndal, men forbundet seier det blir slått også måndag og tysdag for dei som det høver betre for då, eller om ein vil vere med fleire dagar.

- Det er fullt mogleg å vere med berre ein av dagane også, seier leiar Øystein Folden.

Sidan slåtten på Vollasetra er ein restaureringsslått, er det mykje anna aktivitet enn med ljåen.

- Vi river opp store mengder blåbærlyng, og klipper av lauvtrerenningar om vi ikkje får til å rive dei opp.  Masse finpussarbeid med hagesaks er det også etter slikt arbeid. Er ein i stand til å kome seg på Vollasetra, finst det også oppgåver, seier Folden.

Slåtten på Vollasetra er ein del av skjøtselen av kulturlandskapet i Trollheimen. Naturvernforbundet har tatt på seg dette arbeidet. Midla får dei av verneområdestyret gjer at deltakarane får opphaldet på Vollasetra dekt.

Øystein Folden ønskjer å bli kontakta på førehand, helst innan torsdag kveld av dei som ønskjer å vera med.

- Då er det enklare å få med seg tilstrekkeleg med reiskap, og finne ut om det er nødvendig med sovepose o.l., seier han.