Dei tre startstipenda skal gå til personar eller ad hoc-grupperingar som har idear dei ønskjer å kommersialisere. Utlysinga er ein del av Møre og Romsdal fylkeskommune sitt program for kreative næringar.

Kreative næringar er definert som bransjane trykte medium, kulturarv, annonse og reklame, arkitektur, musikk, kunstnarleg verksemd, film, foto, spel, design, tv og radio.

-Stipendet er eit næringsstipend og er retta mot dei som har kreativ fagutdanning og som ønskjer å tene pengar på talentet sitt, seier rådgivar og prosjektleiar, Carina Stokke. Stokke presiserer at søkar må kunne synleggjere forretningspotensialet.

-Kven kan søke?

-Unge vaksne mellom 20 og 39 år, folkeregistrert i Møre og Romsdal, eller ad-hoc grupperingar som ønskjer å kommersialisere ein idé og drive verksemd i fylket. Søkar må minimum ha fagutdanning innafor eitt av dei kreative fag, seier Stokke.

-Aktuelle kandidatar må også vere budd på å bli kalla inn til å presentere ideen sin, seier ho.