- Frivillig innsats er meir aktuelt enn nokon gong, og vi treng fleire hender til å være med oss og ta del i dette arbeidet, seier Reidar Brøske og Marianne Bergem som er høvesvis leiar og nestleiar i Surnadal Røde Kors

Driva treffer dei to og mange frivillige i den gamle brannstasjonen på Surnadalsøra, der er i full gang med å sorter tomflasker og tomboksar som blir sortert og klargjort for sending. Innsamling av tomgods er god forretning for Surnadal Røde Kors, og kjem til i gi rundt 50.000 kroner i kassa i løpet av inneverande år, seier Brøske.

- Vi har containerar rundt omkring der folk kan legge bæreposen med tomgods, så sorterer vi og leverer vidare via organisasjonen Infinitum. Vi har containerar på Skei, ved Essostasjonen og i Amfi, vidare på både austre og vestre Nordmarka, Folldalen, Vindøldalen og i Todalen ved Matkroken.

– Vi har fått skikkeleg respons på dette, og det sett vi sjølvsagt stor pris på, seier Brøske.

Sorteringa er frivillig innsats – alle tek del i dette arbeidet – kvar på sin måte, medan innhentinga frå containerane går på turnus.

Marianne Bergem er oppteken av at Surnadal Røde Kors treng fleire hender til å hjelpe til, og håper at fleire kan vere med å gjera ein frivillig innsats. I Surnadal Røde Kors har dei to avdelingar - hjelpekorpset og omsorgsavdelinga. Hjelpekorpset deltek mellom anna i leiteaksjonar og når det skjer ulykker eller andre ting. Omsorgsavdelinga driv meir sosialt retta arbeid, mellom anna ettermiddagskaffen i Røde Kors-huset på Bøvra og besøksteneste.

- Vi har også eit arbeidsutval som treffes ofte. Arbeidsutvalet er eit litt mindre formelt forum enn styret, men vi er handlekraftige og får ting til å skje – og rapporterer sjølvsagt til styret.

Vi treng no fleire frivillige til å ta del i dette arbeidet. I samband med det inviterer SRK til ”haustavspark” i Røde Kors-huset på Bøvra den 29. september.

- Da kan du kome dit og få meir informasjon om kva foreininga driv med, og  kanskje du også har lyst til å bli med oss, seier Marianne Bergem som er altså er nestleiar i SRK

Vi skal også dra i gang fleire kurs – mellom anna skal vi blåse nytt liv i besøkstenesta. Der treng vi fleire som kan bli med, for det står folk på venteliste for å få besøk. Det er mange som er einsame og som sett stor pris på dette tilbodet, så har du litt tid til overs så sett vi pris på om du blir med.  Du bestemmer sjølv kor ofte og kor lenge du vil bidra.

– Og du får att meir enn du gir i samband med slik teneste, seier Bergem.

Ho nemner vidare at det er ettermiddagskaffe siste fredagen i kvar månad, der alle er velkomne innom. Ho rosar 9.-og 10.-klassingane ved Surnadal U-skule som sørgjer for kaffebrød og kaker til møta. Marianne set stor pris på at ungdommen gjer ein innsats på denne måten.

Men Reidar er også oppteken av flyktningsituasjonen som har oppstått den siste tida. Brøske er med i regionstyret, og han seier at det rår fullstendig kaos i flyktningestraumen – ingen har oversikt over situasjonen. Brøske har god dialog både med kommunen og Røde Kors sentralt. Han følgjer med på det som skjer, men har fått beskjed om å avvente situasjonen foreløpig.

- Vi har fått beskjed frå Røde Kors sentralt om at det foreløpig ikkje er behov for å samle inn kler og anna utstyr. Men det kan kome ein spontan aksjon for innsamling av pengar, som blir øyremerka til innsats der det trengs. Vi er klare til å trå til når det trengs, seier Reidar og Marianne til slutt.