Krev nynorsk nettbank

Heimbygdlaget meiner Surnadal Sparebank svik nynorskkundane sine.
Nyheter

Medan nabobanken, Facebook og google tilbyr nynorsk val, meiner Surnadal Heimbygdlag det er forferdeleg at heimbanken ikkje gjer det.

Korkje Surnadal, Rindal eller Sunndal sparebankar tilbyr nynorsk på nettbanken. Deira nettleverandør tilbyr per i dag ikkje den tenesta.

– Om ikkje Surnadal Sparebank kan gje tilbod på nynorsk, kan det bli aktuelt å oppfordre nynorskkundar om å flytta pengane til konkurrenten, seier Trygve Roaldset, leier i Surnadal Heimbygdlag.

Konkurrenten har nynorsk

Sparebank 1 Alliansen tilbyr nynorsk på sine nettbankar. Eit samrøystes krav frå nynorskbankane på Vestlandet førde til at alliansen innførde nynorsk val i nettbanken for eit år sida.

Banken seier dei gjorde det av omsyn til kundane. Øyvind Amundsen i Ørsta/Volda seier det berre skulle mangle at bankar midt i nynorskland ikkje skulle tilby den målforma og får medhald med konsernleiinga.

– Kostnaden er marginal med tanke på den forbetringa valet er for dei mange nynorskkundane vi har, seier Hans Tronstad, informasjonsdirektør i alliansen.

Ikkje nynorskbank

Surnadal Sparebank er ikkje lenger nynorskbank. Banken er saman med 78 andre bankar knytt til ein annan IT-leverandør enn Sparebank 1 Alliansen.

Tilknytinga til Surnadal Sparebank, Terra Gruppen, tilbyr ikkje nynorsk no, men vil ta opp nynorskspørsmålet til vurdering òg seier nynorsk kan kome.

– Vi håpar kundane blir i banken og har tålmod, så kan det hende dei får nettbank på nynorsk i framtida, seier Maret Heggset, avdelingsleiar for kundeservice i Surnadal Sparebank.

Direktør Allan Troelsen i Surnadal Sparebank synest òg det er beklageleg at dei ikkje har nynorsk val på nettbanken, men seier dei har ein veldig god nettbank.

Les meir i papirutgåva av Driva.