Kleivapris til Trond Larsen

Surnadal-ordførar Mons Otnes gratulerer vantru Kleivaprisvinnar Trond Larsen. Han fekk prisen for mangeårig innsats for heimbygdas musikkliv. Foto: Magne Lillegård

Det var ein svært overraska Trond Larsen som gjekk på scena på Kleiva og fekk overrekt Kleivaprisen frå fylkesordførar Olav Bratland.

Mobil: 97101257
Publisert: 21.05.2010 kl. 21:52
Endret: 21.05.2010 kl. 21:55

Trond Larsen fekk Kleivaprisen for sin mangeårige innsats for musikklivet i heimbygda.

Då fylkesordførar Olav Bratland sa om prisvinnaren at; han med særleg dyktigheit og innsatsvilje har lagt ned eit stort og betydningsfullt arbeid som musikalsk leiar og primus motor, og dette har han gjort i nærare 40 - då skjønte kanskje Trond Larsen kven det var snakk om.

Uansett var prisvinnaren himmelfallen og måtte berre beklage at han ikkje hadde forbereidd ein takketale. Han var òg uviss på om han eigentleg hadde gjort noko for å fortene denne prisen. Det spelar vel liten rolle så lenge ingen andre deler denne uvissa.

Det vart sagt at han har vore aktiv musikar, og stilt villig opp for revy og teaterlag som pianist og orkesterleiar gjennom mange år.

Elles vart han framheva som kontrabassist både i Strykeorkesteret i Surnadal og i eigen gamaldanskvartett, som reiste land og strand rundt i mange år. Dei har for øvrig gjort eit vellykka comeback.

I kriteria for tildelinga er òg hans evner som pedagog med, der han har vist stor menneskekunnskap og tålmod. Mellom anna har han leia både Surnadal skulekorps og Surnadal Hornmusikk. Om han har lagt dirigentstaven på hylla, verkar han framleis som vikarlærar på piano og treblås ved Kulturskulen når det trengst.

I 1991 fekk han Norges Musikkorpsforbunds høgaste utmerking for dirigentar, og i heimbygda har han motteke Ungdomsarbeidets pris. Ingen blant publikum på Kleiva var vel i tvil om prisen var fortent.

Diskuter denne saken

Innsendt av Eli Kristin Larsen 23.05.2010 22:46:40 Varsle!

Denne va fertjent!

Hilsen Eli å Arnfinn på Verdal'n:)

Innsendt av Tove Schei 22.05.2010 07:59:43 Varsle!

Endelig, dette var på tide ja! Veldig mye fortjent til en person som har vært en utrolig bra dirigent for oss tidligere korpsmusikere! Gratulerer igjen!

Innsendt av Mette Holte 21.05.2010 23:54:41 Varsle!

Gratulerer så mykje med Kleivaprisen, Trond! Dette var artig og verkeleg på tide!

Innsendt av follerø 22.05.2010 10:06:11 Varsle!

Dette va hælt fortjent, ikkje æn dag for tidle. gratulere Trond !!!

Follerø/Helge B. Schei- nabo på Moå når e e hæm

Innsendt av anders Larsen 21.05.2010 22:25:09 Varsle!

artig!!

hilsen fra beijing

anders

 

Skriv din kommentar

Tittel *

Kommentar *

Fornavn *

Etternavn *

e-post *

Kallenavn (valgfritt)

Driva ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

Relaterte artikler

På forsiden nå

En uforglemmelig aften med Åge

En opplagt Åge Aleksandersen fikk hele Storstuå med seg på allsang da han og «mannen med den syngende gitar» Gunnar Pedersen holdt konsert i Surnadal kulturhus lørdag, og det var en fornøyd trønderrocker vi traff «backstage» etter showet. Les mer

Meldt om masseslagsmål

Politi fra Sunndal blei sendt til Eidsøra. Les mer

Fikk forelegg

Kjørte uten bilbelte. Les mer

To gull til Aronsen

Nylig korsbåndsopererte Aleksander Aronsen, imponerte med to gull i Midtnorsk mesterskap i Taekwondo. Les mer

Stjal verktøy

Et bygg under oppføring blei tømt for verktøy. Les mer