Rodde til kyrkje

Kyrkjebåten frå Torvik legg til i småbåthamna i Stangvik. Foto: Magne Lillegård

Mannskap og høvedsmenn på fire kyrkjebåtar trassa veret og rodde til Stangvik pinsedag.

Mobil: 97101257
Publisert: 23.05.2010 kl. 14:33
Endret: 23.05.2010 kl. 14:33

Mykje av det som skjer i Vårsøghelga pinsedag, går føre seg i Stangvik med høgtidsgudsteneste, matservering i Bondehuset og konsert i kyrkja.

I år var det lagt opp til storveges kyrkjereis med båtar, hestar og vogner, veteranbilar, syklar og apostlanes hestar. Det såg dårleg ut laurdag kveld og søndag morgon. Då hadde det regna så Søya gjekk flomstor og lysebrun, og fossen stod som ein sprut ut av fjellet.

Likevel var det nokre mannskap og båtar som trassa det litt sure veret. Litt før klokka halv elleve søndag føremiddag kom den siste av fire kyrkjebåtar inn fjorden mot småbåthavna i Stangvik. Dei kom frå Torvik i Surnadal. Dei tre andre båtane kom frå Bøfjorden, frå Nordvik og frå Hamnes. Under sjølve roturen, hadde faktisk alle båtane hatt opphaldsver.

Lange, smale båtar med mange årepar, gjer at turen går rimeleg lett og raskt. Bøfjordbåten "Hjelmkonna" starta klokka 08 om morgonen, og var framme ved småbåthamna i Stangvik i 10-tida.

- Vi kunne nok ha gjort turen på ein time, men vi tok oss god tid med to kaffepausar undervegs, seier Stig Ove Dahlen. Han er einaste rindaling og ekte landkrabbe blant mannskapet. Høvedsmann Tore Sannes er sjølvsikker nok til å hevde at det ville vere muleg å gjere unna roturen på tre kvarter.

På vegen nedanfor kyrkja, svingar to ekvipasjar med hest og vogn inn. Ei jente til hest med kvitt skaut har òg dukka opp. Alle blir ønskt velkomne av prest Erik Blomstrøm, også han kledd i tidsriktig prestekjole - med vidbremma hatt.

- Dei hestane du ser her, både dølamerra Storøy Ranja og fjordingen Helgsnerta, er dei fineste merrene i kyrkjesoknet, seier kusk og hesteeigar Martinus Ranheim som det høver seg ein pinsedags føremiddag. Han unnlet klokeleg å nemne at det finst nokre hestar lenger oppe i bygda som er høgare premiert, men slikt tel ikkje på ein dag som denne.

Veteranbilentusiastane kvier seg tydelegvis for å ta ut sine blankpolerte doningar når det regnar. Ola Bele eig både Taunusen og Folkevogna som står parkert nedanfor kyrkja.

 

Skriv din kommentar

Tittel *

Kommentar *

Fornavn *

Etternavn *

e-post *

Kallenavn (valgfritt)

Driva ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

På forsiden nå

En uforglemmelig aften med Åge

En opplagt Åge Aleksandersen fikk hele Storstuå med seg på allsang da han og «mannen med den syngende gitar» Gunnar Pedersen holdt konsert i Surnadal kulturhus lørdag, og det var en fornøyd trønderrocker vi traff «backstage» etter showet. Les mer

Meldt om masseslagsmål

Politi fra Sunndal blei sendt til Eidsøra. Les mer

Fikk forelegg

Kjørte uten bilbelte. Les mer

To gull til Aronsen

Nylig korsbåndsopererte Aleksander Aronsen, imponerte med to gull i Midtnorsk mesterskap i Taekwondo. Les mer

Stjal verktøy

Et bygg under oppføring blei tømt for verktøy. Les mer