Torstein gler seg

FINALEKLAR: Torstein Snekvik er ein av finalistane under Melodi Grand Prix Junior i Oslo Spektrum laurdag. Her på Platekompaniet med MGP jr-cd-en som vart lagt ut for sal måndag.
Foto: Øystein Hjelle Bondhus
FINALEKLAR: Torstein Snekvik er ein av finalistane under Melodi Grand Prix Junior i Oslo Spektrum laurdag. Her på Platekompaniet med MGP jr-cd-en som vart lagt ut for sal måndag. Foto: Øystein Hjelle Bondhus

Torstein Snekvik frå Kvanne i Surnadal er på plass i Oslo, og gler seg veldig til finalen i Melodi Grand Prix Junior i Oslo Spektrum på laurdag.

Øystein Hjelle Bondhus
Publisert: 03.09.2010 kl. 10:28
Endret: 03.09.2010 kl. 14:57

– Eg gler meg veldig til finalen, seier Torstein Snekvik.

Med songen «Svikter aldri igjen» skal han gjere sitt beste for å sjarmere publikum, og ungguten har allereie fått prøve seg på den enorme scena i Oslo Spektrum.

– Det å stå på scena i Oslo Spektrum gjekk faktisk lettare enn eg trudde, seier Torstein, som fortel at han ikkje er særleg nervøs før den store finalen.

– Eg var litt nervøs den første gongen eg skulle på scena i Spektrum, men no føler eg at eg har kontroll, seier han.

Torstein og dei andre deltakarane har denne veka vore igjennom mange prøvar, med både kamera, dansarar og stemmecoach på plass.

– Alt har vore perfekt på prøvane, seier Torstein, som fortel at han har fått tildelt same garderobe i Spektrum som heltane hans i Metallica brukte då dei var i Oslo.

– Det er stas at så mange store artistar har stått på scena her før, seier han.

Over 200 surnadalingar har bestilt billettar til finalen, og Torstein tykkjer det er stor stas at så mange tek turen til Oslo.

– Det er verkeleg kjempeartig at så mange kjem, motivasjonen vert endå større når eg har kompisar i salen. Det gjer at det blir artigare å opptre, seier han.

I tillegg til å synge sin eigen song skal Torstein vere med på å framføre felleslåta «Du er suveren». Den unge artisten innrømmer at han har sommarfuglar i magen før finalen:

– Eg er ganske spent, ja, smilar han.

Det er venta over 4000 tilskodarar på finalen, som kan sjåast på NRK1 frå kl. 19.55 laurdag kveld.

Her kan du lese mer om Melodi Grand Prix Junior.

Her kan du lese mer om Torstein - og kanskje skrive en hilsen til ham?

Diskuter denne saken

Innsendt av hubritc 03.09.2010 21:11:15 Varsle!

Knallbra !!

Innsendt av Lillemeg 03.09.2010 10:44:28 Varsle!

Vi gleder oss også! Masse lykke til!

 

Skriv din kommentar

Tittel *

Kommentar *

Fornavn *

Etternavn *

e-post *

Kallenavn (valgfritt)

Driva ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

På forsiden nå

En uforglemmelig aften med Åge

En opplagt Åge Aleksandersen fikk hele Storstuå med seg på allsang da han og «mannen med den syngende gitar» Gunnar Pedersen holdt konsert i Surnadal kulturhus lørdag, og det var en fornøyd trønderrocker vi traff «backstage» etter showet. Les mer

Meldt om masseslagsmål

Politi fra Sunndal blei sendt til Eidsøra. Les mer

Fikk forelegg

Kjørte uten bilbelte. Les mer

To gull til Aronsen

Nylig korsbåndsopererte Aleksander Aronsen, imponerte med to gull i Midtnorsk mesterskap i Taekwondo. Les mer

Stjal verktøy

Et bygg under oppføring blei tømt for verktøy. Les mer