Tapte 0-2 mot Midsund laurdag.
Endret: 08.10.2011 kl. 20:04
Eidsvågs herrelag i fotball gjekk på eit nytt tap då dei møtte Midsund på bortebane laurdag.
Heimelaget tok leiinga ved Even Heggedal etter ein corner i det 11. minuttet, og Arkadiuzh Gosiek, som scora fire då Midsund slo Elnesvågen/Omegn 8-3 i førre heimekamp, auka til 2-0 etter eit flott dribleraid.
Fleire mål vart det ikkje i oppgjeret, som dermed endte med 2-0-seier til Midsund - akkurat som i det omvendte møtet på Eidsvåg kunstgress i juni.
– Dette var dessverre ein av dei dårlegaste kampane våre i år. Vi hang ikkje med i svingane, og tapte fortent, seier Eidsvåg-lagleiar Kjetil Samuelsen, og legg til:
– Hadde vi spelt slik vi har gjort i enkelte kampar i år, hadde vi vunne denne.
Samuelsen trekkjer fram keeper Bernt Visnes som bruntrøyene sin beste spelar mot Midsund.
Eidsvåg møter Surnadal heime og Volda borte i sine to siste kampar for sesongen.
Les meir om kampen i Driva på måndag.
