Tidlegare i år fatta kommunestyret i Surnadal vedtak om å samlokalisere elevane i Bøfjorden og Bæverfjord i Bæverfjord skule. Lærarane ved skulen i Bøfjorden hadde søkt seg vekk, rektoren gjekk ut i permisjon og kommunen fekk ikkje kvalifisert erstattar. Elevtalet i Bøfjorden var og lågt. Samla sett og av omsyn til elevane og deira læringsmiljø valde politikarane samlokaliseringa.

---- Meininga var dette berre skulle gjelde inneverande skuleår. Men i førre møte i hovudutvalet for oppvekst blei det vedteke mot ein stemme, å be rådmannen fremme ei sak om samanslåing frå neste skuleår. Saka skal sendast ut på høyring. Høyringsframlegget behandlast av utvalet kommande torsdag. Dermed er skulestrukturdebatten i gang på nytt.

– Eg vart overraska da saka vart fremma utanom sakskartet, og eg meiner det er feil vinkel sett opp mot vedtaket kommunestyret gjorde i haust, seier Lars Polden (Sp) medlem av hovudutvalet for oppvekst, og den eine stemma mot forslaget på førre møte.

---- Polden meiner vinkelen på saka burde vore å søke etter ein ny rektor for å få skuledrift i Bøfjorden igjen frå neste år, slik intensjonen var i kommunestyremøtet i haust. Politikarane var da einige om å sjå på dette så snart som råd i haust. No er det berre nedlegging som fremmast som sak.

– Saka skal ut på høyring, men kan hende er det eit fleirtal i kommunestyret som vil gå for samanslåing uansett kva høyringssvara seier, seier Polden.

Leiar Odny Hoem (Ap) i hovudutvalet for oppvekst er klar i si meining. Kjem det ikkje vektige faglege grunnar for å behalde skulen i Bøfjorden trur ho fleirtalet i kommunestyret vil gå for samanslåing. Hoem veit Ap har gått til val på å behalde skulestrukturen i kommunen denne perioden, men ho viser til at det og står i deira program at ein skal sikre eit godt læringsmiljø for alle elevane i kommunen. Signalane Hoem får frå Bæverfjord skule er at det i år er eit veldig bra miljø ved skulen, og at dei tilsette, elevar og også foreldre i Bøfjorden ønsker dette skal fortsette til neste år. Om ikkje er det signal på flytting av elevar frå Bøfjorden til Øye skule.

– Går vi tilbake til skule i Bøfjorden får vi to todelte skular. Då blir det ikkje godt nok læringsmiljø for elevane, meiner Hoem.

Firedelt

Ved å sende elevane frå Bøfjorden til Bæverfjord neste år vil det der bli ein firedelt skule. Elevane blir meir jamaldrande på trinna og får såleis eit betre læringsmiljø. Lærarane får samstundes eit større kollegium. Saksframlegget frå rådmannen trekk fram mange argument for og i mot, men endar på samanslåing.

– Skular bør minimum ha ei tredeling for å sikre god læring for elevane, meiner Eivind Hasle (SV).

Vanskeleg sak

Elevtalet i Bøfjorden er lågt. Under 12 elevar. Dette betyr ein stor klasse med elevar frå første til sjuande trinn. Utfordrande for læraren og kanskje ikkje det beste læringsmiljøet for elevane. Men på sikt stig elevtalet og vil kome opp i 17 om nokre år. Ikkje så veldig mange elevar færre enn det Bæverfjord vil ha. I Bøfjorden ønskjer ein stor majoritet å behalde skulen.

– Kva som er best for elevane tel, her må kvar og ein stemme frå eiga overtyding, men samstundes vere lydhør for meiningane frå Bøfjorden, seier Polden.

Økonomi

Ved å legge ned skulen i Bøfjorden vil kommunen spare i overkant av 280.000 kroner årleg i driftsutgifter. I ei tid med knappe ressursar tel sikkert det og med i vurderinga.

– Vi ser ikkje forslaget om samanslåing opp mot årets budsjettprosess, seier Hoem.

I kveld skal Surnadal Arbeiderparti drøfte forslaget på medlemsmøte.