– Det er søkt om lite rovdyrerstatning. Kvifor søker ein ikkje når en har tapa lam og sauer på beite?, spør Jon Kristian Aune i Rindal og gjev sjøl eitt svar på det:

– Det er av di ein gjev opp. Sauebønder opplever at dei misser dyr, men likevel ikkje får noko erstatta. Det hjelp ikkje å klage heller. Den haldninga vi vert møtt med er så vanskeleg, at mange heller let vere å søke om erstatning for å sleppe dette.

Magnar Almberg, sauebonde i Rindal, legg til:

– Ein sit med ei kjensle av at det ikkje er gagn i å søke, og eg trur mange sit med den kjensla.

- Feil framstilt

Dei reagerer på at det som vert oppgjeven som erstatta vert omtala som årets rovdyrtap frå fylket si side.

– Slik er det ikkje. Det som vert erstatta er ikkje det reelle tapet. Verkelegheita er ein annan. Eg veit om fleire som ikkje har søkt, som har hatt tap på beite, seier Aune. Almberg legg til:

– Det ein vert frustrert over er at fylket framstiller det som om det er mindre tap enn det eigentleg er.

Ingunn Tørset, som har sauer i Ura i Trollheimen, er og einig:

– Tapstala vert framstilt feil. Ein burde sjå på og få fram det som verkeleg er komen bort.

Tørset mist 20 lam og ei tikse i år. Så mykje har ho aldri mist før.

– Eg starta med sauer for fem år sidan. Det første året mist eg 9 lam, medan dei neste åra hadde eg normaltap på berre 2-3 lam. Men i år vart tapet mykje større enn før.

Ho meiner tapa må ha skjedd i månadsskiftet august/september, for då ho var på tilsyn 23. august var det ikkje noko unormalt å sjå og flokken var roleg. Ho ser fort om det er uro i flokken på grunn av rovdyr. Men så skjedde det noko:

– Det var fleire søyer som kom heim utan lam første helga i september. Av ein flokk på 50 som kom ned, mangla det 14 lam. Det var dårleg vêr, og dei kan ha kome ned av det eller av rovdyr, eller av begge deler.

1 av 16 fekk medhald i klage på avslag

16 sauebønder som fekk avslag på krav om erstatning for tap av lam på beite til freda rovvilt, klaga vidare til direktoratet for naturforvaltning. Der var det berre ein klagar som fekk delvis medhald.

I søknaden skreiv Baard Fredvig-Erichsen frå Vistdal: «Har i år endeleg greid å dokumentere tap av sau og lam tatt av gaupe og det til og med på innmark på voksen sau før beiteslipp. Vi har i flere år hatt mistanke om at gaupa har forsynt seg av besetningene i bygda, men har ikke kunnet dokumentere dette med sikre kadaver..» Sauebonden frå Vistdal missa 31 lam og fire sauer, men fekk berre den han hadde dokumentasjon på erstatta. I klagen til direktoratet skreiv han mellom anna: «Jeg mener at når forvaltningen pålegger oss at vi skal dokumentere drapa, noe som er meget vanskelig, skal det ikke være noe problem med at vi får erstatta det vi mistet ... det burde ikke være bonden som skal dokumentere noe mer, for å få det han har krav på av erstatning, det spiller ingen rolle for oss hva forvaltningen mener er drapsdyret..»

Direktoratet for naturforvaltning tok klagen delvis til følgje og erstatta ytterlegare fem lam.

– I denne saka meinte direktoratet at me hadde vore for streng. Men elles kom dei fram til at våre vedtak var rett i 15 av 16 tilfelle, og det tek eg som eit teikn på at vi praktiserer forskriftene riktig. Vi har forskrift etter viltloven å følgje, og prøver som best vi kan å følgje den. Høve til å klage er ein viktig del av det, seier Ulf Lucasen, seksjonssjef på naturforvaltningsseksjonen.

Dokumentert tap til alle fem skadedyr for første gong

I år har 54 personar søkt om erstatning for lam og sauer drepen av freda rovvilt i beitesesongen 2012. Arbeidet med å vurdere søknadene er akkurat starta.

Lucasen meiner det er ei vanskelig vurdering:

– Problemet er der dyra er borte og det er ulike meiningar om kvifor. Det må vere 50 prosent sannsynleg at det er freda rovvilt, og det må vere sannsynleg at det er rovdyr i området. Ein har område der ein veit det er rovdyr og det ikkje er teke sau, samstundes er det andre område der det er ein jerv og det er mykje tap. Det tar lang tid å vurdere søknadene. Det som er spesielt i år er at det for første gong i fylket er dokumentert tap til alle fem artane jerv, gaupe, bjørn, ulv og kongeørn. Bjørneskadar vart dokumentert i Sunndal.

Lucasen seier som tilsvar på det sauebøndene tekk opp, at han må halde seg til det som er meldt inn av tap:

– Det som ikkje er meldt inn til oss kan vi ikkje ta med i vurderinga vår. Det kan vere normaltap det er snakk om eller tap av andre årsaker, som kan rapporterast inn til organisert beitebruk. Det er og ei anna erstatningsordning som går på tap av sauer som ikkje er teken av rovdyr.