Det er prosjektet "Vi bygger stein på stein" som er bakgrunnen for tildelinga av Kommunenes Sentralforbund (KS) i Møre og Romsdal sin arbeidsmiljøpris. Prisen blir gjeve ut i samarbeid med Fagforbundet og Utdanningsforbundet.

Kommunen starta i fjor eit prosjekt for å redusere uønska deltid og gjere om desse til faste stillingar. Om lag 80 personar fekk tilbod om utvida stilling. Nesten alle har takka ja.

Ekstra innsats

Det var fylkesleiar Knut Støbakk i KS som delte ut prisen til eit smilande trekløver frå kommunen. Han viste til at kommunen med det pågåande prosjektet har gjort ein ekstraordinær og systematisk innsats for å betre arbeidsmiljøet i kommunen.

Ordførar Mons Otnes, personalsjef Inger Nordby og hovudtillitsvalt i Fagforbundet, Odd Asbjørn Bævre representerte det trepartsamarbeidet som dreg prosjektet saman. Dei takka alle for prisen.

– Tusen takk, dette er først og fremst ein pris til dei tilsette i kommunen som har jobba for samhald. Eit godt arbeidsmiljø kan ikkje vedtakast. Det må skapast. Arbeidsmiljøprisen er ei anerkjenning for det arbeidet som er på gang- og som vi skal fortsetje med, sa Otnes - som fekk ein god klem av prisutdelar og kollega Knut Støbakk. I tillegg til heder og ære består prisen av eit grafisk måleri/bilde av kunstnaren Eldar Harr.

Arbeidsmiljøprisen er den tredje strake til Surnadal kommune som ikkje for lenge sidan fekk pris som beste kultur kommune og ungdomskommune.

Utgjer 17 årsverk

Det var i fjor Surnadal kommune setje i verk ei kartlegging av arbeidssituasjonen for kommunens faste tilsette som arbeider ekstra timar og som reine vikarar. Dette for å kunne kartlegge den faktiske stillingsprosenten dei siste fire åra, med sikte på å få gjort dette om til fast stillingar. I oppstarten er det spesielt fokusert på pleie- og omsorgstenestene samt reinhaldarane. Kommunen har ei målsetjing om at dei i år skal kartlegge dei andre arbeidstakargruppene, og få på plass ein arbeidsmåte der utviding av stillingar og fast tilsetjing blir ein årleg gjennomgang og standard.

Nærare 140 personar er kartlagt og vurdert i forhold til samanhengande teneste og gjennomsnittleg stillingsprosent i perioden 2008 - 2011. Om lag 80 personar har fått tilbod om utvida stilling eller fast tilsetjing. Nesten alle har takka ja til tilbodet. Dette svarar til om lag 17 årsverk. Tilboda varierer for 2 % utviding til fast tilsetjing i 81 % stilling.

God politisk forankring

Personalsjef Inger Nordby seier dei tillitsvalde heile tida har vore ein svært viktig aktør i prosessen, saman med einingsleiarar og den andre administrative leiinga i kommunen.

– Prosjektet har hatt god politisk forankring, og det har vore gjeve jamnlege tilbakemeldingar til administrasjonsutval og arbeidsmiljøutval. I forhold til kompetanseheving har det vore eit aktivt samarbeid med Surnadal vidaregåande skole som i desember i fjor starta støttekurs for dei som ønskjer å ta fagbrev som helsefagarbeidar. Vi har oppmoda dei tilsette til å melde seg på tilbodet og forsøker å tilrettelegge for kombinasjonen støttekurs og arbeid, seier Nordby.

Med bakgrunn i tiltaket har Surnadal kommune søkt om er oppteken i programmet "Saman om ein betre kommune" i regi av Kommunal- og regionaldepartementet.

Nordby seier dei kallar prosjektet til kommunen "Vi bygger stein på stein". I tillegg til heiltids/deltidsproblematikken, ser ein og på faktorar som samla skal skape motiverande og helsefremmande arbeidsplassar.