Henning Sommerro omtala Nils Henrik Asheim som ein framragande orgelimprovisator. Etter konserten i Mo kyrkje, skjønar vi kva han meinte. Du blir ikkje utan vidare beundra av Henning Sommerro som musikar.

Sommerro opna sjølv med å kome inn over kyrkjegolvet og hauke ut "MEISTERMØTE!" før han presenterte kollegaen i rosande ordelag.

Det er eit uttrykk å spele på heile registeret. I Asheims tilfelle kan det takast heilt bokstaveleg. Det var vel knapt ein lyd i det orgelet som han ikkje var innom på pinseaftan.

Med vare stemningar i instrumentet og stemma til Gro Kjelleberg Solli vart det ganske så nasjonalromantisk og nordmørsk i kyrkja.

Så la virtuosen i han i veg med ville improvisasjonar over dei same tema som tidlegare hadde vore så forsiktige og stillferdige. Det var vel noko som bles musbola ut av orgelpipene.

Publikum sleit litt med å finne ut når eit stykke var slutt, og Asheim gjekk vel glipp av eit par rundar med applaus av den grunn. Men dette er han sikkert vant til. Publikum i Mo kyrkje var uansett imponerte over det dei fekk høyre.

Asheim avslutta med Passacaglia av Bach og viste at han i høg grad beherskar den klassiske musikken, også utan å improvisere.

Høgtidsringinga vart eit femminutt forseinka i Mo denne pinseaftanen. Det hadde nok ikkje dei som vart til stades i kyrkja det minste imot.