På laurdag var det duka for årets laksefiskekonkurranse i Surna i samband med Norsk Laksefestival. Dei 120 påmeldte fekk fiske frå sju om morgonen til eitt på dagen. Den fyrste laksen over fem kilo kom på land halv elleve, og fleire skulle det bli.

Jaktradioen knitrar, og så kjem eit ord i eit toneleie det er vanskeleg å misforstå:

- LAKS!

Ivrig fiskar og laksekonkurranseguide for dagen, Øyvind Holte, køyrer fortare enn fort. Klokka er kvart over tolv. Ved Litjfløna ved Gulla blir vi møtt av ein gladlaks, i hendene held han ein noko mindre glad men dugeleg stor laks. Bjørn Brekstad frå Rørdalen er godt nøgd:

– Eg trur den er mellom seks og sju kilo, så det er eg godt nøgd med. Det hadde vore stas å verte laksekonge, om eg vinn skal eg bruke pengane på ferie, eg har utruleg lyst til å dra på Marlin-fiske i Azorene!

Brekstad har fiska i Surna sia han var åtte år gamal.

– Den fyrste surnalaksen gløymer eg aldri! Eg kjem tilbake år etter år, og Eg har vore med på fiskekonkurransen under Laksefestivalen sia starten.

– Ja, og han har vorte premiert nesten kvart år óg! Legg Øyvind Holte til.

– Men eg har aldri vorte laksekonge, seier Brekstad.

Det vart han laurdag. Laksen vog 6,33 kilo. Fisken vart tatt på mark.

Brekstad vann ein sovepose og 30.000 blanke, norske kroner. Storfiskaren tok imot premien iført ei t-skjorte med bilete av ein laks han fekk i Orkla på 18,8 kilo. Ivar Øyen frå Eidsvåg fekk den nest største laksen, den vog 5,7 kilo. Øyen tok laksen på flue og vant dermed flueklassen, det var 11 påmeldte i denne klassen. Resten av deltakarane stilte i klasse mark/sluk.  Øyen vann ei stang med snelle og fekk med ein garanti på kjøpet:

– Den her stanga har fangstgaranti!, lova ordførar Mons Otnes.

Den ukrona surnakongens fangst vog 4,85 kilo og sikra Ingebrigt Grimsmo eit gåvekort på 2000 kroner frå Intersport. Også sølvet som vann bronse vart tatt på mark.

Meir frå konkurransen i mandagsavisa!