- Når du mister nærare ein firedel av besetninga på beite er det dramatisk! Det er Ola G. Kvendset som seier dette.

Ola tok over drifta av heimgarden Viastua fra 1. juli i år, og opplever at 17 av dei 83 spelsauene som vart sendte på sommarbeite i Kvennsetdalen/Lauvåfjellområdet blir borte. Han hadde lenge håp om å finne att fleire, men må nok innsjå at håpet svinner. I så fall er det over 20 prosent av besetninga som er borte.

- Dei fleste tapa er nok knytta til rovdyr, for vi finn ikkje kadaver. Det er nok eit sikkert tegn på at jerven har herja i saueflokken, seier han.

I Viastua var det liknande tak i fjor, og Ola seier at slik går det ikkje an å fortsette.