– Det er ekstra kjekt å få kome heim og spele på Tingvoll, spesielt i Kulturvikkå, seier Unni Boksasp, som no er busett i Tinn i Telemark.

Ho har allereie vunne den prestisjetunge Folkelarmprisen for «Kvite fuglar» som kom ut i 2013, og for det førre albumet, "Keramello", mottok ho både Folkelarmpris og Spellemannspris, så det er ingen kven som helst i folkemusikkverda som no legg ut på tur.

Med seg på vegen har ho Trygve Brøske på tangent, Olav Mjelva på fele og hardingfele, Magne Vestrum på kontrabass og Petter Berndalen på perkusjon.

– Eg kjenner meg heldig som får spele saman med dei aller flinkaste. Det var noko av ein kabal å få til eit turnéprogram der alle hadde tid til å vere med, men det er prisen å betale for å spele med dei beste, seier ho til Driva.

Turneen starta på Røstad scene på Levanger onsdag 23. april og heldt fram til Steinkjer kvelden etter.

Fredag 25. april kan vi høyre henne og ensemblet på Antikvariatet i Trondheim.

– Det bur mange nordmøringar i Trondheim, så det trur eg blir artig, men det blir ekstra spesielt å spele på Tingvoll, seier ho.

Publikum får høyre ei god blanding av gammalt og nytt med mykje frå «Kvite fuglar», men òg smakebitar frå tidlegare utgjevingar.

– I tillegg vil vi spele nokre heilt nye låtar som vi har jobba med i det siste, fortel ho.

Tingvoll er siste staden på turneen der ho har med heile ensemblet. På Voss tysdag 29. april spelar ho med trio.

Turneen avsluttast laurdag 3. mai i Atrå Samfunnshus i Tinn.

– Det gler eg meg til, sidan det blir heimebane for meg det òg, seier ho.

Ho seier i eit presseskriv at ho lever og åndar for musikken, men kjenner seg heilt i sitt rette element når ho er på turné.

– Det er gjevast å spele live?

– Heilt klart. Det er mest stas å få stå framom eit publikum og framføre det vi har jobba lenge med å øve inn og spela inn i studio, seier ho.

Og på konsert blir ikkje songane spela heilt likt to gonger. Med slike musikarar veit ein ikkje heilt kva dei kan finne på av musikalske sprell.

«- Også er det jo veldig hyggjelege karar å vere på turné med, og det er sjølvsagt viktig», seier ho.