Actis, rusfeltets samarbeidsorgan, beklagar i eit lesarinnlegg at Gjemnes kommune synest å fråvike sin ruspolitiske plan under kongebesøket som er planlagd i mai.

Organisasjonen peker på at kommunen har ein alkoholpolitisk plan, der det m.a. er vedtatt å ikkje servere alkohol i kommunale samanhengar.

- Men når kongen kjem på besøk, synest den alkoholpolitiske planen ikkje å vere gjeldande lenger. Sterkare kan det ikkje seiast at til ein skikkeleg fest høyrer alkohol med.

- Slik vi kjenner kongehuset, har det alltid hatt stor respekt for lokale reglar og skikkar  rundt om i landet. Kongehuset har også sjølv gitt til kjenne ved ulike høve at det er kjent med dei problema som ofte følgjer i kjølvatnet av rusmidla. Det er mest eit teikn på lokal  mindremannskjensle når lokalsamfunn  og lokalpolitikarar  spring frå sine vedtatte retningslinjer og prinsipp  når kongen kjem på besøk, meiner Actis.

Organisasjonen, ved fylkesleiar Eivind Hasle og nestleiar Per Arne Lillebø, beklagar at Gjemnes kommune synest å fråvike sin ruspolitiske plan under kongebesøket.

- Vi oppfordrar både Gjemnes og dei andre kommunane som no får besøk av kongefamilien, til å ha eit meir forpliktane forhold til sine rusplanar og sine planverk enn det som synest avdekt i denne saka.