Av Jon Olav Ørsal

Med  nyspråtte lauv på trea, og todalsfjella med nysnø på toppane vart Haugligardane som ein finpynta katedral til friluftsgudstenesta 2. påskedag.

Med lufttemperatur opp mot 20-talet og sol frå skyfri himmel vart det mesta vanskeleg å konsentrere seg om dei kyrkjelege handlingane som foregikk. Det er nok ikkje daglegdags hverken for prest, organist eller klokkar å utføre arbeidet sitt under slike tilhøve, men det såg ut som både dei og resten av kyrkjelyden kosa seg i det fine vêret.

Påske og friluftsgudsteneste har tradisjon i mange år attende i Todalen. Berre ein gong har gudstenesta vore flytta til kyrkja på desse åra. Men det høyrer med til historia at det også den gongen skein opp før gudstenesta skulle starte, fortel organist Bernt Bøe.

Ein litt spesiell dag vart det nok også for Natascha Maria Nordvik og familien, for ho vart båret til dåpen under friluftsgudstenesta på Haugligardane 2. påskedag. Familie både frå fjern og nær vart nok imponert over den fine seremonien og dei vakre kulissane når sokneprest Bernt Venås foretok dåpshandlinga med eit 80-tals tilhøyrarar rundt benkane.

Etter gudstenesta inviterte Trimgruppa i Todalen I. L. til pølsegrilling og kos, eit tilbod som publikum sette stor pris på og som gjorde at det ikkje hasta så veldig med å kome seg heim etter gudstenesta.