Dei hadde budsjettert med 500, og gjekk rett og slett tom for billettar.

22 deltakarar stilte på startstreken, og det var traktorar i alle størrelsar og aldrar. Traktorane var oppdelt i forskjellige vektklassar, slik at det skulle vera nokon lunde ”fair play” i konkurransen. Mykje vart no avgjort gjennom teknikken som førarane brukte, for enkelt snubla nærast på startreken, før dei kom i fart. Naturleg nok at dei som hadde innøvd rutine trekte det lengste strået i denne konkurransen.

Konkurransen går ut på å trekkje ei friksjonsvogn som har progressiv friksjon i 50 meter, og det på kortast muleg tid. Arrangementet trekte deltakarar frå Skogn i Nord-Trøndelag i nord, og til Eide i sør. 4 lokale heltar deltok også i konkurransen, og dei fekk nok litt ekstra applaus frå publikum. Mange av traktorane som deltok var nok litt modifisert, og einskilde hadde nok opp mot 400 hk under panseret.

Arrangementet trekte altså publikum i tusental, og dei kosa seg i finvêret utanfor den gamle skulen, som no er i ferd med å få alternativ bruk i regi av Halsa utvikling.

Ledar i hovudkomiteen for arrangementet, Gunnar Kåre Røe, fortalde at det har vore jobba mykje i Halsa Utvikling for å få til ein livskraftig etterbruk at dei gamle skulebygningane. Å arrangere traktorpulling er eit av alternativa som etterbrukskomiteen har landa på. På spørsmål om dette blir eit årleg arrangement ved Stornaustet, svarer han at dette ikkje på nokon måte er avgjort, men han kan godt tenkje seg det. Faktisk er det folk som alt no har meldt seg på for å bli med å arrangere neste år.

Det gjekk kort tid frå ideen til arrangementet kom til vi kom i gang med arbeidet. Gunnar Kåre Røe skryter uhemma av det god samarbeidet dei har hatt i hovudkomiteen, som har bestått av Bjørn Sæther, Torstein Hyldbakk, Tore Weiseth og Anita Oterholm i tillegg til han sjølv. Det har også vore lett å rekruttere funksjonærar til arrangementet, for nærast alle har svart ja, og har hatt lyst til å vere med.

Resultat

Resultat frå søndagens konkurranse.

Driva gikk i trykken før finalen og resultatlista var klar, men vi har i ettertid fått den offisielle resultatlista som publiseres under.

Av “lokale heltar” som vart premiert er Jan Erik Glåmen og Alf Gunnar Vullum som var nr 1 og 2 i klasse 6000 kg. Arrangøren håpar at på fleire lokale deltakarar ved neste korsveg.

Klasse 3500 kg:

1. Ole Thomas Borgsås Levanger Volvo BM810 «Redbull»

2. Yngve Stokke Eide Fordson Major

Klasse 4500 kg:

1. Ole Thomas Borgsås Levanger Volvo BM810 “Redbull”

2. Emil Husøy Heimdal Ford 8600

3. Arild Sellie Skaun Massey Ferguson 699

4. Vidar Gran Skogn Volvo BM700

5. Knut Vidar Solli Lyngstad Valmet 905

6. Steinar Bakk Smøla Lamborghini

Klasse 6000 kg:

1. Jan Erik Glåmen Halsa John Deere 6510

2. Alf Gunnar Vullum Halsa Fendt 412

Klasse 8000 kg:

1. Odd Egil Hjelmstadbakk Markabygd Valtra 8550

2. Kristian Loe Storås John Deere 4455

3. Runar Jakobsen Verdal John Deere 4755

4. Arild Gjervan Rennebu Ford TW30

5. Rune Lånke Rennebu New Holland TM190

6. Morten Hoset Jerpstad New Holland TM190

7. Bernt Olav Bjørge Tingvoll John Deere 6920

8. Sverre Vullum Halsa Massey Ferguson 6480

9. Vegard Henden Vågland Fendt 615

Klasse over 8000 kg:

1. Lervåg Maskin/Bernt O. Bjørge Tingvoll John Deere 8345R

2. Marius Solem/Eiksentret Surnadal Fendt 936

3. Kristian Loe Storås John Deere 6210R

4. Odd Egil Hjelmstadbakk Markabygd Valtra 8550

5. Steinar Skrøvset Surnadal Deutz 630TTV

6. Arild Gjervan Rennebu Ford TW30