Ledar i elvaeigarlaget Georg Solem sørga for nedtellinga, og presist kl 00.00 gik raketten som markerte ny laksesesong til værs.

Georg Solem hadde radiosamband til mange knutepunkt oppover elva, der laksefiskarane stod klare på elvebredda for å ta første kast. Så var det berre å vente på første alarmerande melding om laks på kroken.

Denne melding lot vente på seg natt til søndag, og enno etter 2-3 timar inn i sesongens første dag var det tyst frå laksefiskarane.

Ledar i elveeigarlaget Georg Solem er spent på kva årets sesong vil gje. Etter fjorårets dårlege laksefiske har han håpa ei betring i år, men ved sesongstart er det lita vassføring i Surna og det er inga betring å vente dei første dagane. Vårløysinga i fjellområda kring Surna er komen langt og det er lite nedør i vente den første veka.

Like vel var det stor stemning på Brekkøya camping, der både lakseentusiastar og publikum deltok i jubileumsfeiringa og starten på årets laksesesong. Campingvert Jarl Skei var forsiktig optimist for den nye sesongen, for signala frå elvane som starta laksefisket 1. eller 15. mai har rapportert om bra start på sesongen.  og det er alltid håp i “hengainn snøre”.