Statens vegvesen Region midt har føreteke målingar av djupna i høve til botnforholda ved Kanestraum ferjekai. Resultata viser små marginar ved bruk av MF «Svanøy» ved lågvatn.

Statens vegvesen har difor avgjort at det skal sprengast og djupast ut ved kaia slik at marginane aukar.

- Dette vil også opne for moglegheitene til å ta imot større og djupare ferjer i framtida, seier vegvesenet i ei pressemelding.

Arbeidet er starta og MF «Svanøy» blir tatt ut av ruteproduksjon til arbeidet er sluttført. Det vert sett inn store ressursar for at arbeidet skal bli gjennomført på kort tid.

- Målet er tre ferjer i drift i løpet av fredag 18. juli, seier vegvesenet.

Vegvesenet opplysar at Sprengingsarbeidet ikkje vil ha innverknad på ruteproduksjonen for MF «Rauma» og MF «Romsdal» og desse ferjene går som normalt med 30 minuttars frekvens, i samsvar med oppsett ruteplan.