På Sunndal asylsøkjarmottak er det mange skjebnar under same tak, nokre får bli i Noreg, andre vert tvangssendt til ei uviss framtid.

Sist tysdag kom meldinga om at ein mann hadde flykta frå politiet då dei kom og skulle pågripe han for tvangsutsending av landet. Mannen hadde fått endeleg avslag på asylsøknaden sin, og hoppa i desperasjon ut i elva Driva. På grunn av høg vassføring tilkalla politiet brannvesen, helsepersonell, SeaKing helikopter og dykkarar. Mannen vart raskt drege på land, og kom frå hendinga utan fysiske skader. Han vert framleis tvangsutsendt.

– Eg har jobba her i femten år, og har aldri opplevd ei slik hending før, fortel leiar på asylsøkjarmottaket, Tore Vaagen.

Framtidstru

Bebuarane på asylsøkjarmottaket kjem frå vanskelege forhold, og ei heimsending kan i verste fall verte ein dødsdom. Bebuar på asylmottaket og leiar i bebuarrådet, Osman Mohammed, fortel at bebuarane er flinke til å ta vare på kvarandre.

– Vi får mykje hjelp her, eg vil passe på å skryte av dei som jobbar her på mottaket, dei er utruleg flinke.

Vi som bur her tek også vare på kvarandre. Om nokon har problem med pengar, samlar vi saman litt for å hjelpe. Om nokon slit og treng å snakke høyrer vi på kvarandre og gir råd, vi støtter kvarandre, fortel Mohammed. Han har flykta frå heimlandet Somalia. Kona og dei fire ungane deira er i Nairobi i Kenya.

– Eg har to døtre og to gutar. Eg har tru på framtida, og håpar familien min kan kome hit. No har eg fått mellombels opphaldstillatelse for tre år, og skal flytte til Nesset i september, fortel Osman.

Samarbeider med politiet

– Om ein får endeleg avslag på asylsøknaden har ein utreiseplikt, og må reise ut av landet før ein frist sett at UDI. Dei som ikkje reiser før fristen vert henta av politi, noko som dessverre er ein nødvendig del av vårt virke. Vi har hatt eit langt samarbeid med politiet som har fungert bra. Målet er å gjere pågripinga så skånsam som mogleg, fortel Vaagen.

Osman Muhammed fortel at det norske politiet er noko heilt anna enn mange av bebuarane er van med.

– Her trakasserer ikkje politiet oss, vi treng ikkje vere redde for dei. Likevel er det mange som ikkje har fått svar på asylsøknaden eller fått avslag som vert redde når politiet kjem. Ofte kjem politiet på natta og hentar dei som har vore over fristen, så vi andre bebuarane merkar det nesten ikkje, seier han.

Aleine til Sunndal

Mange kjem til Sunndal aleine.

– Vi har ei heil avdeling for einsame mindreårige flyktningar, der har vi kapasitet til 30 personar. Avdelinga er no full, seier Vaagen. Han fortel at asylmottaket og Sunndal er godt rusta for flyktningane.

– Vi har blant anna ei god helseteneste med kontor her på mottaket, noko som fungerer godt, fortel han. Nokon bur berre eit par dagar på mottaket, andre bur her i ti år. – I gjennomsnitt bur asylsøkjarar her i seks til åtte månader, seier Vaagen.

Osman Muhammed her budd på mottaket i litt over eitt år, og tykkjer Sunndal er flott. – Eg likar å gå tur. Det er også flott for born å vekse opp her. Eg er glad for at eg får bli i området, og gler meg til å flytte til Nesset. Eg kunne ikkje tenkt meg å bu i Oslo, og kjem nok aldri til å dra tilbake til Somalia, fortel Osman. Han skryt av Sunndalingane for at dei har teke han så godt imot, – men eg har ikkje fått nokre norske vener enno. Eg er litt sjenert, og treng litt tid for å verte kjend med folk, det verkar som om folk her er litt reserverte også, seier han.