Fungerande- og påtroppande ordførar i Surnadal, Lilly Gunn Nyheim, ser mykje positivt for Surnadal, men fryktar at småkommunar kan bli strøypt av ei blåblå regjering.

– Vi kan ikkje halde fram å bruke meir pengar enn vi har, seier komande ordførar Lilly Gunn Nyheim om budsjettsituasjonen for Surnadal.

Sjølv om politikarane vedtek å knipe inn på investeringane i åra framover og unngår å tære meir på disposisjonsfondet, er Nyheim bekymra for skatteinngang og rammeoverføringar under blåblå regjering.

– Med skattelette til dei rikaste, må det nødvendigvis merkast med nedskjeringar i den andre enden, sjølv om regjeringspartia brukar mange fine ord til å forklare at det ikkje blir slik, seier ho.

Landbruket viktig

For Surnadal ser ho elles mange lyspunkt både med befolkningsauke og unge gardbrukarar som tør å satse trass i negative signal frå regjeringa.

– Rammevilkåra for landbruket er også svært viktig for Surnadal sidan jord- og skogbruk er så store og viktige næringar for kommunen, seier ho.

Elles ser ho at det vil vere viktig også for Surnadal å ta tak i kommunereforma snarast muleg, sjølv om ho ikkje heilt går god for kommunalminister Bjørn Tore Sanners påstand om at det dreier seg om ei velferdsreform.

– Eg vil gjerne ha dokumentert at større kommunar gjev auka velferd for innbyggarane, seier ho, og peiker på at kommunebarometeret fortel at det ikkje nødvendigvis er slik.

– Uansett vil det vere viktig at innbyggarane får seie si meining her, og vi vil heilt klart gje høve til dette i samband med kommunereforma, seier ho.

Flaskehals i nabofylket

Lilly Gunn Nyheim sit elles i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, og er naturleg nok oppteken av å få best muleg tilhøve for transportnæringa i bygda.

Ho understrekar at Fylkesveg 65 er sjølve nerven i samferdsla for Surnadal. Storåsbakkane er den største flaskehalsen for vogntoga kor dei køyrer mot Trondheim eller mot E6 på Berkåk, og for surnadalingar og rindalingar er det eit problem at denne flaskehalsen ligg i eit anna fylke.

– Problemet ligg mykje i at Storåsbakkene er så lite viktig for næringslivet i Sør-Trøndelag fordi kommunikasjonane går i andre retningar, seier ho.

Like etter ferien blir det nytt møte i arbeidsgruppa for Fv 65 og med leiarane i samferdsleutvala i dei to fylka–Iver Nordseth (V) og Karin Bjørkhaug (KrF)- til stades.

– Eg har hatt godt samarbeid med Karin Bjørkhaug, seier ho, men er meir usikker på kor stor innsats Iver Nordseth er villig til å legge ned for Fv 65.

Draum om flytebru

– Vi er i alle fall nøgd med at vi får behalde bussen gjennom dalføret. Det er sjølvsagt viktig at Halsa og Valsøyfjord får buss, men det kan ikkje gå på bekostning av bussruta gjennom Surnadal og Rindal, seier ho.

Når det gjeld Todalsfjordprosjektet seier ho seg glad for at ny teknologi kan gjere det muleg å få fjordkryssing med flytebru.

– Det hadde vore ein draum å ha industri som kunne produsere slike brumodular på Indre Nordmøre, seier ho.

Elles er ho oppteken av å behalde ambulansetilbodet i Surnadal, og påpeiker at det er ikkje snakk om eit enten eller når det gjeld ambulanse i Surnadal og Rindal, men både òg.

– Det vart sagt i vedtaket om å behalde ambulansestasjonen i kommunen at det berre var snakk om ei utsetjing. No er det viktig at vi legg press før det skal fattast endeleg vedtak i Helseforetaket, meiner ho.

Resultat gjennom samarbeid

– Andre område nyordføraren vil satse på?

– Næringsliv. Med auke i innbyggartalet treng vi arbeidsplassar, og vi har lagt til rette med gode næringsområde i Røtet, påpeiker ho.

Ho understrekar at dei vil vidareføre og forsterke dette med at formannskapet som næringsstyre besøker bedrifter i kommunen.

– Så tek vi lærdom av besøka og brukar det vi har lært til beste for heile næringslivet, seier ho.

Ho konstaterer elles at snøkanonane har kome på plass i Sæterlia, og er spent på om vinteren vil by på dei nødvendige kuldegradane for at det skal vere muleg å få gode tilhøve for alpinistane.

– Korleis blir Lilly Gunn Nyheim som ordførar?

– Eg har i alle fall tenkt å vere ordførar for alle–uansett politisk ståstad. Inga sak er for lita til at ein kan ta kontakt–men ring gjerne på førehand og gjer ein avtale, seier ho.

Ho peikar på at Surnadal er kjend for godt tverrpolitisk samarbeid, og understrekar at det er gjennom samarbeid kommunen skal oppnå gode resultat.