Søya og Todalen skyttarlag er forlengst komne i gang med skyteprøve til årets storviltjakt.

Det er berre ein stor månad til storviltjakta startar og i Ranheimsvingen er det full aktivitet med skyting kvar måndagskveld. Jaktaskyttarane må på skytebanen minst 2 gong for å avlegge skyteprøven. Det må først skytes 30 prøveskot, og så er det 5 skot mot dyrefigur, der alle 5 skota må være treff innafor ein sirkel med diameter på 30 cm.

Prøveskota kan delast over to kveldar, samtidig som du tek skyteprøven siste kveld. Da Todalen.no var innom Ranheimsvingen var det mange jegrar som var innom banen for å skyte prøveskot, og det var imponerande god skyting som vart vist. Dei fleste har gode våpen og kikkertsikte i dag, og da er det nok lett match å få til skikkeleg innskyting og dei fleste klarer seg med ein omgang på dyrefiguren. Reglane for skyteprøven kan du lese meir om her.

Skyttarlaget oppmodar folk til å starte med prøveskyting, slik at det ikkje blir for lang kø på tampen av sesongen for skyteprøver. Det er no 4 måndagskveldar att, nemleg den 4., 11., 18. og 25. august før det er slutt for i år. Derfor lønner det seg å kome i gang, og det lønner seg også å møte opp til skytinga startar kl 18, slik at det ikkje blir «tomgang» den første tida.

Meir hos Todalen.no.