- Når det er ein jerv meir enn det er målsetting om i Trollheimen, då er det ein del som set i gang med å få han avliva. Då engasjerer både ordførarar og rovviltnemnda seg, og SNO blir sendt på tur ut for å avlive jervungar i hiet, eller på andre måtar, skriv Folden i eit lesarinnlegg.

- Når det er ein jerv mindre enn det er målsetting om i Møre og Romsdal, ser ein då ordførarar eller rovviltnemnd som engasjerer seg for at det skal bli så mange jervar som det er mål om? Viss nokon har sett noko, så sei gjerne frå, Naturvernforbundet har i grunnen ikkje sett noko tiltak i så måte.

Folden peiker på at forvaltningsplanen for store rovdyr i Midt-Noreg har sett som mål tre årlege ynglingar av jerv i Møre og Romsdal. Yngleområdet er i praksis Reinheimen og Sunndalsfjella.

- I alle fall sidan 2009 har det ikkje vore påvist fleire enn to ynglingar i det som no er yngleområdet i Møre og Romsdal, i dei siste tre åra har det berre vore påvist ei yngling. Kva har forvaltningsmynde gjort for at det skal bli tre?

Slik Naturvernforbundet har oppfatta det, så skal rovviltnemnda arbeide for at ynglemåla blir nådd. Vi kan vere trygg for at dei arbeidar alt dei kan viss bestanden er høgare enn måla. Men vi ser aldri noko liknande viss bestanden ligg under måla. Når skal rovviltnemnda gjere den andre halvparten av jobben sin?