Rådmannen i Surnadal tilrår ikkje salg av øl fra bod på Norsk Laksefestival. Det er Smøla Microbryggeri som søkjer om slikt løyve.

Ølprodusenten har løyve for tilverking og engrosalg. Lensmannen i Surnadal har ikkje noko i mot salget, men rådmannen viser til dei alkoholpolitiske retningslinjane kommunen har vedteke. Der heiter det ølsalg kun skal skje i dei godkjende daglegvarebutikkane.

Kommunestyret får saka til behandling torsdag til veka.