Sjarmerte på Kleiva

Torstein Snekvik sjarmerte samtlege med sin Bøverdalsrock under fredagens Kleivakveld.

Med velvillige vêrgudar på laget vart fredagens Kleivakveld ei sjeldan triveleg samling for dei mange hundre frammøtte. Kleivakvelden er for dei fleste det store høgdepunktet under Vårsøghelga. Tradisjonen tru var Henning Sommerro og John Pål Inderberg sentrale aktørar også fredag kveld. Dei var i aksjon både som duo og som medspelarar til jazzfiolinist Ola Kvernberg og folkesongar Unni Boksasp. For eit fyrverkeri!

Forfattaren og bjørnsonkjennaren Edvard Hoem las sitt eige dikt om matmonsen Bjørnson. Irske Aimee Leonard og operasongar Mija Skille imponerte med song og trommeslag. Svein Sæter hadde også i år med seg en flott gjeng skuleelevar som las eigne dikt.

Trønderrockaren Terje Tysland var og i storslag med kassegitaren sin. Dei frammøtte fekk høyre fleire av dei kjende Tysland-songane.

Det var likevel MGP-junior aktuelle Torstein Snekvik frå Kvanne som fekk den kraftigaste applausen. Da han framførte sin Bøverdalsrock til akkompagnement frå dei før nemnde herrar, var det knapt nokon som klarte å halde taktfoten roleg.

Torstein skal delta under Melodi Grand Prix junior med sjølskreven låt i september.

Fylkesordførar Olav Bratland som fekk æra av å overrekkje årets Kleivapris til Trond Larsen (sjå eiga sak på driva.no).

 

Skriv din kommentar

Tittel *

Kommentar *

Fornavn *

Etternavn *

e-post *

Kallenavn (valgfritt)

Driva ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

På forsiden nå

En uforglemmelig aften med Åge

En opplagt Åge Aleksandersen fikk hele Storstuå med seg på allsang da han og «mannen med den syngende gitar» Gunnar Pedersen holdt konsert i Surnadal kulturhus lørdag, og det var en fornøyd trønderrocker vi traff «backstage» etter showet. Les mer

Meldt om masseslagsmål

Politi fra Sunndal blei sendt til Eidsøra. Les mer

Fikk forelegg

Kjørte uten bilbelte. Les mer

To gull til Aronsen

Nylig korsbåndsopererte Aleksander Aronsen, imponerte med to gull i Midtnorsk mesterskap i Taekwondo. Les mer

Stjal verktøy

Et bygg under oppføring blei tømt for verktøy. Les mer