Mange av dei som stod på liste for Surnadal Sp ved siste kommuneval har takka ja til å stå på liste neste haust. Også nokre nye namn kjem på blokka.

Leiar i nominasjonskomiteen for Surnadal Senterparti, Bergsvein Brøske, opplyser at dei har starta ein brei prosess før valet neste haust.

Dei som stod på liste sist har vorte kontakta, og fleire av desse har allereie takka ja til å stå på liste igjen.

– Det er gledeleg at såpass mange er villige til å stille igjen. Vi har elles spurt ein del nye kandidatar og også fått ja frå fleire av desse, seier han.

Etter eit møte i komiteen i august, vil medlemmene i partiet få tilsendt ei førebels liste over kandidatar, samt ein førespurnad om innspel til ønska toppkandidat.

-  Vil Bernt Venås bli spurt om å stille igjen?

– Ingen er utelukka, men som sagt køyrer vi ein brei prosess no i starten, og kjenner oss trygge på at vi skal kunne stille med ein god toppkandidat når den tida kjem, seier han.

Nominasjonskomiteen ønskjer også innspel med forslag til fleire listekandidatar i tillegg til dei som alt har takka ja på det tidspunktet.

Arbeiderpartiet i Surnadal har valt Lilly Gunn Nyheim som ordførerkandidat også ved valet i 2015.